Vegen mot gåsehudkjensle

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje som skjer i festivalveka, området vert til og det er stadig små sigrar, seier Sigrun Tara Øverland i gjengen bak Bøgrend Autofest.

På Bøgrend Auto er dagane før festivalen opnar dørene stripps, takrenne og køyring – mykje køyring. Framtida vart med i kulissane, mellom bildekk og sponplatepatent.

– Opprigg kan vera meir artig enn sjølve festivalen, spesielt fordi det er eit veldig godt samhald, held Øverland fram.

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

Berre dugnad
– Ideen om ein festival dukka opp kring skifte av eigarar på den nedlagte bensinstasjonen Bøgrend Auto, som er ein myteomspunne plass og eit omgrep. Vi tenkte på ein veners vener fest, men så ville vi ha skikkelige artistar og ideen vart spontant til ynskje om ein festival, forklarar Eivind Kaasin, som har vore med sidan oppstarten i 2010.

Frå starten har alt arbeidet med festivalen skjedd på dugnad. Og framleis gjer gjengen bak festivalen alt arbeid på frivillig basis, med mange timar, telefonar og stundar med  idémyldring på eldsjelene.

– Frå fyrste festival har det vore kjempestemning. Med å skipe festival på ein bensinstasjon har vi skapt eit konsept vi kan leike oss med heile året, held Kaasin fram.

Tre traktorlass
Riggegjengen på vel 20 er sett saman av stab og andre frivillige – sysken, syskenborn, naboar, kjærastar, gjengen bak Havresekken og vinbyggjar. Felles er gleda over å jobbe i lag og få kontroll over små og store detaljar.

– Vi har køyrt tre traktorlass frå Vesaas, så det er mykje transportering og rydding i veka før festivalen. Så er det organisering av frivillige, for å kjenne flinke folk er viktig for ein vellukka festival, fortel områdeansvarleg Sigrid Vesaas. 

LES MEIR: – Bruk festivalane meir

Festivalelektrikaren
Skilt, gjerde, scene, blomar og ei campingvogn er noko av det som trengs for å forvandle den nedlagde bensinstasjonen til eit festivalområde. Nokre av grepa vert gjort av festivalelektrikar Amund Søberg, som til dømes held styr på 300 meter skøyteleidning.

– Det er faktisk overraskande mykje som fell inn under festivalelektrikarrolla, sjølv om det viktigaste er å få alt det elektriske til å fungere, fortel Søberg. Han set pris på å arrangere festival med merkelege idear og ei bratt læringskurve.

Gjennom dagane med opprigg har eit festivalområde vorte til, detaljar er fiksa, stripps festa og måling turka. Målet til gjengen bak Bøgrend Autofest er å skape ein verkeleg god fest og ein festival dei ville reist på sjølve.

– Når dei musikalske møta mellom artistar og publikum klaffar, om det er underleg jazz eller folkemusikk, er det gull og gåsehud, avsluttar Sigrun Tara Øverland.

Faktaboks

Bøgrend Autofest

– Festival på den nedlagde bensinstasjonen Bøgrend Auto i Bøgrend i Vinje.

– Arrangert for fyrste gong i 2010

– Festivalen vert skipa på dugnadsbasis.

– Katzenjammer, Susanne Sundfør og Odd Nordstoga er av trekkplastra ved årets festival.

-Dei 400 festivalpassa til årets festival er utseld.