Hellas-reisande får ikkje gje blod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved utgangen av førre veke var det meldt om 13 tilfelle av vestnilfeber i Hellas. Viruset er ikkje vanleg i Mellom-Europa, men har truleg blomstra opp som følgjer av ein ekstra varm sommar, melder NRK.

– Dette er eit virus som smittar med mygg og som har eksistert i mange år, seier fagleiar Vibeke Svenningsen ved Blodbanken i Oslo.

Svenningsen seier det er viktig å unngå spreiing av viruset fordi pasientane som får blod på sjukehusa i Noreg, skal få eit så sikkert blod som mogleg.

Viruset kan gje influensasymptom som feber, hovudverk og utmatting, men treng ikkje gje symptom i det heile. Det er særleg vanleg i USA og Canada.

– Nokre kan bli veldig sjuke av dette viruset, og ein sjeldan gong kan nokon døy av det, seier lege Gunnar Hasle ved Reiseklinikken.

Han legg til at viruset lettast kan unngåast ved ikkje å få myggstikk. (©NPK)