Fakta

Hadia Tajik

29 år frå Strand i Rogaland

Arbeidarpartipolitikar og medlem i Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget

Utdanna journalist og jurist, med mastergrad i menneskerettar

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva gjer du i sumar?
– Har litt fri og arbeider litt. Har vore hjå foreldre i Rogaland, og er no med vener der eg bur, i Oslo.

Kva er ditt beste sumarminne frå ungdommen?
– Å vere på sjølvplukk av jordbær ikkje langt frå der eg vaks opp med familien. Etterpå såg er på medan dei vaksne vog jordbæra saman med eigaren av åkeren. Det var om å gjere å vere den som plukka mest av meg og storebror min.

Kven var du på vidaregåande?
– Ho som rakk opp handa og gjerne ville svare.

Hadde du nokre ungdomsheltar?
– Ikkje som eg hugsar. Ikkje popstjerner, i alle fall. Men eg hugsar at eg som born pla tenkje at eg ville vere like smart og sterk som storebror.

Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?
– At alt som er verdt  ha eller oppnå òg er verdt ein innsats.

Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram?
– At snarvegar er omvegar i forkledning. Ikkje gå der. Skal ein verte god fotballspelar må ein spele mykje fotball. Skal ein verte god til å skrive må ein skrive mykje. Det finst ingen veg rundt det.

Korleis får ein tid til alt som ung?
– Det får ein ikkje, og det får ein berre lære seg å leve med.

Kva er nynorsk for deg?
– Av di eg har skrive mykje på bokmål dei siste åra, tenkjer eg iblant at å skrive nynorsk er som å spele wordfeud med seg sjølv: Eg må tenkje meg om og finne dei rette orda. Men det er jo berre fint, det skjerpar hovudet.

Kva song har hatt mest å seie for deg?
– Ingen enkelt song har hatt så mykje å seie at ho bør nemnast her. Men eg vert spesielt glad når eg høyrer Bollywood-songar frå 80-talet, som mor pla spele i bilen på veg til barnehagen.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?
– At anten så går det bra, eller så går det over.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Sigmund Løvåsen?

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE