Flest bakteriar på mannekontor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit gjennomsnittleg kontor inneheld like mange bakteriar som eit toalett, skriv A-magasinet. Biologen Scott Kiley ved San Diego State University fortel i ein artikkel at det er stor forskjell på kontora til kvinner og kontora til menn.

I tillegg til at menn er dårlegare til å vaske hendene og pusse tennene, er ei anna forklaring til kontorbakteriane hos karane at menn har større hender og munnar, slik at dei har større flater bakteriar kan bli frigjorde frå. Det er denne forklaringa biologen festar mest lit til. (©NPK)