Bringebæra til himmels

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har vore ein ideell sesong for bringebær og jordbær. Det har ikkje vore for varmt og ikkje for tørt, seier Olav Sørum, landbruksrådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane.

Auke
For ti år sidan leverte Bama åtte tonn norske bringebær til butikkane. I sommar går det ut tusen tonn.

– Ingen matvarer auker så mykje i popularitet som bringebær, og no er det norske bringebær å få i heile landet, seier informasjonssjef i Bama, Hanne Linnert.

Les òg: Umettelege på bringebær

Nye sortar
– Auken kjem av at nye sortar, som Glen Ample, gjev store og fine bær, som passar godt til friskt konsum, seier Olav Sørum.

Tidlegare blei typen Veten mykje nytta, men den er ikkje lengre like populær.

– Det er ingen annan sort som passar betre til sylting enn Veten, så det er litt synd at produksjonen av denne sorten blir mindre, seier Sørum.

I følgje Sørum er Veten best med litt sukker på, medan Glen Ample smakar godt rett frå korga.

Temperatur
Sørum har drive mykje med forsking og utvikling innan landbruk, og har sidan 1980 jobba ein del med bringebær.

– I år har det vore ideell temperatur for bringebæra. Er det for varmt og tørt rekk ikkje bæra å modna. Det blir raude før dei er modne, og ein får ikkje den same gode smaken, seier Sørum. 

Les saka i Sogn Avis!