Australiar feitar seg opp i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andreja Mijatovic pakka med seg telt og sovepose, reiste frå heimlandet Australia, klar for villmarksliv i Noreg. Men til no har teltet fått liggja, og Andreja sit varm og tørr i ein einebustad på Fitjar og lever det gode liv. Kanskje for godt?– Eg har allereie lagt på meg to kilo, etter ei veke, ler han.

Det har vore tett mellom krabbefestane for Andreja Mijatovic frå Australia. Han har ikkje berre fått låna hus og bil på Fitjar, men òg vener.

– Fleire gongar har eg fått melding på mobilen, "Har fått mykje krabbe, vil du komma på middag?", seier han og smiler.

Mijatovic er frå Australia, og møtte Torstein Søreide frå Fitjar, gjennom ein klatreklubb i heimlandet. Då Søreide høyrde han planla tur til Noreg, foreslo fitjarbuen og foreldra, at han måtte ta turen til Fitjar, og låna huset deira der, medan familien Søreide er på ferie.

Fascinerande båtkultur
Mijatovic har spesielt fått sansen for båtkulturen på Fitjar. Han fortel at i Australia må ein velja om ein vil bu ved sjøen eller fjellet. Sjølv har han valt fjellet, og er ikkje van med å tilbringa masse tid på sjøen.

– Her har nesten alle båt. Venene til Torstein besøkjer kvarandre med båt. Ofte er det raskare enn å dra med bil. Det er fascinerande, seier han. Han er òg imponert over kor mange som kan båtknutar og veit korleis ein ankrar opp.

Sommarull
Mijatovic er i Noreg på eit jobb- og reisevisum, men førebels har det vore lite jobbing. Planen hans er å skaffa jobb før vinteren kjem. Då er det nok litt hardt å bu i telt, trur han. Sjølv om han er god budd på det norske klimaet. Ull og goretex er med. Ulltøyet er lite brukt, men greitt å ha til vinteren heime i Australia.

– Sommaren på Fitjar er som vinteren heime, fortel han, og syner ulltrøya han har under t-skjorta.

Tillitsfulle lysbrytarar
I tillegg til huset, får han låna både bil og sykkel, men det er lysbrytarane som får Mijatovic til å tenkja at nordmenn er tillitsfulle.

– Mange har lysbrytarane på utsida av badet. Det hadde ikkje gått i Australia. Me er for glade i å spøkja med kvarandre, seier han og ler. Han trur det rett og slett ville vera for freistande for australiarane å skru av lyset medan nokon tok seg ein dusj.

Les saka i Sunnhordland!