Tett saman mot OL i London

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Erling Askeland (56) er det næraste ein kjem ein lokal OL-deltakar. Trenaren frå Etne har fått eit nært forhold til langdistanseløpar Urige Buta (30).

På siste dag av London-OL, sundag 12. august, vil Erling Askeland vera parat med drikkevatn og kloke råd til eleven sin. Kl 12.00 norsk tid står Urige Buta frå Etiopia på startstreken og skal springa maraton ikledd dei norske fargane.

– Hovudmålet vårt er likevel EM i Zurich i 2014, der medalje skal vera innan rekkevidde, seier mentor og personleg trenar, Erling Askeland.

For vel åtte år sidan sat ein desillusjonert etiopiar på flyktningmottaket på Husnes og kjeda seg. Urige Buta som hadde noko løpserfaring frå heimlandet, hadde nettopp kome til Noreg og vil gjera noko med livet sitt. Mottaksleiaren tok kontakt med Norges Friidrettsforbund som sette Haugesund Idrettslag (HIL) på saka. Like etter drog Erling Askeland til Husnes.

– Me ville prata med Urige, sjå korleis han hadde det og kva han kunne by på. Dermed var kontakten der, fortel Askeland og minnest dei kummerlege forholda han budde under den gong.

Forma til etiopiaren var grei, men ikkje meir. Han hadde drive litt styrketrening på mottaket. Det var det første hans nye trenar plukka vekk.

– Ein langdistanseløpar skal ikkje ha for mykje musklar.

Trenarerfaring
Erling Askeland har vore friidrettstrenar sidan 1978, og i HIL 32 år. Som ung hadde han drive mykje med springing, men blei aldri meir enn ein habil B-løpar.

– Me slo oss ned i Etne, bygde hus og overtok garden til kona Marta i 1980, og dermed blei det ikkje tid til å satsa vidare, seier 56-åringen som likevel fekk vist sitt talent som ein av landets beste veteranutøvarar.

Sidan den gong har han vore tilknytt HIL sitt trenarapparat, og har vore med å avla fram ei rekkje talent, som Morten Velde. Askeland var også trenar for sonen, Ingemund, og Kjetil Ramstad, ein annan etnebu som gjorde det bra.

56-åringen som til dagleg er lærar på Enge skule, har også vore trenar for Norgs Fridrettsforbund (2003 – 3008) for mellom- og langdistanse, der han jobba med dei største talenta i landet.

Tøff periode
Kort tid etter besøket på Husnes, var Urige Buta overført til flyktningmottak Haugesund, og Erling Askeland blei hans personlege trenar. Sidan den gong har det skjedd mykje, både privat og som idrettsutøvar.

For eitt år sidan blei Urige norsk statsborgar, han er blitt pappa, og kona har fått opphaldsløyve i Noreg. Etter ein tøff periode har også dei sportslege rammevilkåra falle på plass, med sponsorar og eit opplegg rundt som gjer at han slepp å jobba. All treninga dei siste åra har nå gitt resultat, både nasjonalt og internasjonalt.

Trenaren meiner at eit realistisk mål i OL er ei plassering blant dei  15 beste. Då må Urige prestera på sitt beste nivå.

– Men han vil bli endå betre, og difor er det EM om to år som er det store målet me i dag jobbar mot.

– Målretta
Erling Askeland såg straks potensialet og kva som skulle til for å få fram ein topp internasjonal løpar.

– Eg blei forlikt i personen og i hans haldningar. Urige er dedikert og målretta. Han er hardarbeidande og gjer det som må til for å bli god. Dette er den største eigenskapen, skryt trenaren.

I tillegg til mykje løpstrening i og rundt Haugesund, er ein god del av grunnlaget til OL-starten lagt i Etne-distriktet. Askeland har brukt gamlevegen til Skånevik til trening. På ei av øktene sprang Urige til idrettshallen i Skånevik og nesten attende til Etne.

Olalivegen er nytta til motbakketrening. Urige spring frå E134, Erling køyrer etter opp til parkeringsplassen, og tar eleven med ned igjen i bilen så han får pusta ut til neste økt. Øvinga blir gjennomført fire gonger.

Som ein son
Samarbeidet mellom dei to har også blitt svært personleg.  Dei er blitt meir enn gode vener; trenaren ser på Urige Buta som ein del av familien.

– Forholdet er blitt svært nært og godt. Eg har to søner, og har med Urige fått éin til.

Me har mykje omgang privat, og me hjelper Urige og familien hans med det meste, seier Erling Askeland som ser fram til OL i London som opnar i morgon.

16 dagar seinare skal eleven opp til eksamen.

Les òg: Spring ut fem par joggesko i året

— Har betydd alt for meg
Urige Buta kan ikkje skryta nok av sin trenar og venn.

– Erling er som ein far for meg. Eg har kjent han sidan tidleg 2004, og han har hjelpt meg heile vegen. Han har betydd alt for meg, seier den norske OL-løparen til Grannar.

Urige Buta og hans næraste har også lært Askeland-familien å kjenna.

– Eg føler meg som ein del av familien hans. Erling var også med då eg besøkte familien i Etiopia i vinter, og snakka med tanta og broren min, fortel Urige.

Trenaren var sjølvsagt med då han tidlegare i sommar gjennomførte eit tre vekers høgdeopphald i sveitsiske St. Moritz som oppkøyring til London. Fredag i førre veke deltok Urige i det siste løpet før OL, det 11,6 km lange terrengløpet i svenske Trollhättan, som han vann.

30-åringen skryt av treningsforholda i Etne-distriktet, og synest det er kjekt å springa langs fjorden og intervalløkter til fjells.

– Forma er bra, og alt ligg til rette for eit godt maratonløp OL. Målet er 15. plass, men det kan skje mykje under løpet som kan gi betre eller dårlegare resultat, seier Urige Buta.

Les saka i Grannar!