Breiviks forsvarstale lagt ut på YouTube

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.01.2023 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk beskjed frå ein privatperson i dag tidleg om at ein video med Breiviks siste forsvarstale låg ute på nettet med lyd og bilete, fortel Larsen til NTB.

Ho seier ho har teke kontakt med dommar Wenche Elizabeth Arntzen og bede henne undersøkje om dette er straffbart.

– Det er jo brot på foto- og kringkastingsforbodet, seier Larsen..

Retten ser på saka
Det var P4 som først melde om saka. Informasjonssjef Irene Ramm i Oslo tingrett seier det er snakk om eit lovbrot og at retten no vil vurdere kva skritt som skal takast. Videoklippet blei opphavleg lagt ut av Torstein Viddal.

– Eg ynskte at folk skulle få høyre røysta hans og framferda hans og teikne seg eit bilete av han. Bodskapen er jo kjent frå før, seier Viddal til NTB. Han understrekar at han er like sjokkert som alle andre over bodskapen til Breivik. Sjølv var han til stades under den andre dagen av rettssaka og oppfatta ikkje Breivik «som ein person som høyrde heime på galehus».

Visste ikkje om forbod
Konfrontert med kringkastingsforbodet, viser Viddal til at delar av saka var TV-overført og at han ikkje visste at det var ulovleg å leggje opptaket ut på nettet. Likevel ynskjer han ikkje å seie kven som har gjort opptaket.

– Eg vernar om kjeldene mine, seier Viddal.

Videoen har lege ute sidan 27. juni, men Viddal valte å fjerne han då han via P4 fekk vite at bistandsadvokaten ynskte det.

– Eg har ikkje fått nokre reaksjonar før no, og eg håpar ikkje dette blir noko stor sak, seier han.

Sjølv om Viddal har fjerna videoen, har lyden blitt spreidd vidare av ein tysk brukar på YouTube. (©NPK)

Merk: Biletet i denne saka er endra i ettertid av publiseringa.