I år er 18 prosent av dei som har kome inn på skulane til Forsvaret kvinner.

NPK-NTB
NPK-NTB

Opptaket til Forsvaret sine skular er no over. Av dei som kom seg gjennom søknadsprosessen og tøffe opptaksprøver har no 666 fått plass ved leiarutdanninga til Forsvaret. 120 av desse er kvinner.

Ein kvinnedel på 18 prosent ved skulane til Forsvaret er ny rekord, og ein auke på 1,5 prosent i forhold til i fjor.

Les òg: Vil ha verneplikt for kvinner

I to veker går søkarane gjennom tøffe fysiske og psykiske opptaksprøver med håp om å ende opp på ein av skulane. Forsvaret ser at kvinnene i stor grad utmerkjer seg positivt i desse vekene.

– Det verkar som om dei er betre førebudd til dei forskjellige testane dei skal gjennom. Også i del to, i feltveka, er det prosentvis færre kvinner som trekkjer seg, eller som blir luka ut, seier Marianne Øihals, presseoffiser for Hæren i Nord-Noreg til Dagsavisen. (©NPK)

Les òg: Rekordmange jenter

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE