Kyrkjepunkarar kan få fengselstraff i Russland
Tre feministiske musikarar frå den russiske punkegruppa “Pussy Riot” risikerer no sju års fengsel for “hooliganisme”.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kyrkjepunkarar i vanskar
Kvinnene Maria Alekhina, Ekaterina Samutsevich og Nadezhda Tolokonnikova blei arrestert etter at tre maskerte punkarar haldt ein ulovleg konsert i ei av kyrkjene i Moskva. Ei av kvinnene har innrømt å ha vore tilstades under aksjonen, medan dei to andre nektar straffeskuld. Dei er førebels dømd til seks månadar i varetekt, meldar Amnesty, som har starta ein kampanje for å frå punkarane fri.
Amnesty meiner at kvinnene bør sleppast fri snarast, og at dei er fengsla fordi dei har yttra meiningar som er støtande for det russiske regimet.
– Sjølv om katedralaksjonen var meint for å sjokkere og det var kjent at han sannsynlegvis ville verke støtande, forlét aktivistane katedralen då dei blei bedne om det og forårsaka inga skade, seier John Dalhuisen fra Europa og Sentral-Asia programmet til Amnesty International.
Den europeiske menneskerettsdomstolen har fleire gongar sagt at ytringsfridomen ikkje berre gjeld for aksepterte syn, «men òg for dei meininger som støyter, sjokkerer eller opprører staten eller ein del av folket».
Her kan du sjå videoen som fekk dei varetektsfengsla:
Jomfru Maria, driv Putin bort!
Punkkollektivet sin musikk har heile vegen vore gjennomsyra av feminisme og samfunnskritikk. Konsertane deira ber gjerne preg av aksjonisme og sosial ulydnad: I tillegg til å ha spelt ulovleg i den største ortodokse kyrkja i Moskva har dei tidlegare spelt på den raude plass, på metroen og på forskjellege busstak.
Det er særleg Putin som får gjennomgå i songane deira, og i aksjonen der dei tre kvinnene vart fengsla framførte dei mellom anna denne teksten:
St. Maria, Virgin, Drive away Putin
Drive away! Drive away Putin!
St. Maria, Virgin, become a feminist
Become a feminist, Become a feminist
Og for dette risikerer dei altså sju års fengsel. På vevsida freepussyriot.org kan du få meir informasjon om saka.
Tidlegare har mellom anna Red Hot Chilli Peppers synt si støtte til feministpønkarane, ved å ha på seg ei t-skjorte med påskrifta “Pussy Riot” på brystet under sin siste konsert i St. Petersburg.
Rettsaka startar 30. juli, og vil ifølgje russiske styresmakter bli direktesendt over verdsveven.