– Mennesket er sterkare enn ein trur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han var 24 år og nyutdanna ambulansearbeidar då terrorhandlingane skjedde. Lavik var på veg til nattevakt då bomba gjekk av i regjeringskvartalet 22. juli i fjor. Han vart først sendt dit, og sidan til Utøya.

– Ein følte at ein var med i eit stort skodespel. Sånt skjer ikkje i Noreg. Me hadde eit utruleg godt samarbeid den dagen, og folk tok mykje initiativ. Ein skal jo prøva å distansera seg frå jobben, men 22. juli greidde eg ikkje det, forklarer han.

Første dagane verst
No har det gått eitt år sidan terrorhandlingane, men 22. juli er framleis sterkt i minnet hjå Lavik.

– Eg tenkjer jo på 22. juli heile tida, spesielt no under rettssaka. Det var litt spesielt i den første veka etter hendinga. Dei første dagane var verst, då sov eg ikkje. Men eg jobba mykje og det hjelpte. Det hadde vore verre om eg berre hadde reist heim og ikkje hadde hatt nokon å snakka med, seier han.

Samstundes har det gått betre å bearbeida opplevingane enn han trudde det skulle gjera.

– Det har eigentleg gått greitt. Det som også har hjelpt er anerkjenninga me fekk etterpå. Ein vart kalla «helt» når ein gjekk i uniform, og det hjelper at folk set pris på jobben ein har gjort.

LES OGSÅ: Filma valkampen – så endra alt seg

– God oppfylgjing
Lavik fortel at oppfylgjinga han har fått etter 22. juli har vore svært viktig for å koma vidare.

– Me hadde ei teknisk debriefing på Ullevål der me gjekk gjennom redningsaksjonen. Etterpå hadde me samtalar i grupper om korleis me opplevde 22. juli. Her måtte alle møta opp, og dette var veldig bra. Det er viktig at ein har ei teneste som fylgjer deg opp. Det viktigaste for oss var at me hadde ein teknisk gjennomgang der me fekk snakka om dei tinga som var bra, og dei tinga som kan betrast. Då slepp ein gå rundt og lura på om ein gjorde ein grei jobb eller ikkje.

Lavik fortel at han både føler det er ting han kunne gjort annleis og ting han gjorde bra, under hjelpearbeidet.

– Eg jobba med sjefen min 22. juli, og han er svært røynd og dyktig. Det hjelpte enormt, og det var ein stor fordel for meg. Det var eit kaos som møtte oss ved Utøya, og det var mange pasientar. Då er det lett å lura på kvar ein skal byrja.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

Held fram i jobben
Lavik trur hjelpearbeidet 22. juli har gjeve han ei uvurdereleg røynsle med tanke på albulansearbeid.

– Om noko liknande hadde skjedd igjen hadde eg skjønt alvoret mykje raskare. Det er greitt å ha vore med og hjelpt til under ei slik hending, no veit eg kva eg må tenkja på. Det var potensielt 500 skadde pasientar, og då må ein vera budd. Ein kan lesa seg til mykje, men ambulansearbeidar er i botn eit praktisk fag, seier han.

Sjølv om det å vera vitne til terrorhandlingane var ei sterk oppleving, vil Lavik halda fram i yrket sitt.

– Eg revurderte det kanskje litt, heilt i starten. Det var ikkje noko kjekt å jobba i ambulansen helga etter 22. juli. Generelt var første veka etter hendinga vanskeleg. Men eg er veldig glad i jobben min, og kjem ikkje til å skifta.

LES OGSÅ: Utøya er framleis vår øy

– Menneska er sterke
Han trur også hendinga har vist kor sterkt mennesket er.

– Eg trur mennesket er bygd sterkare enn det ein trur, og etter 22. juli har nok mange funne ut at dei taklar meir enn dei trudde dei skulle klara.

Lavik arbeider no i ambulansetenesta i Bergen og skal vera med på markeringa der i dag.

– Det vert ein spesiell dag. Tankane mine vil gå til ofra og dei råka, seier han.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!