Det ulogiske rasehatet
Media må også ta si del av skulda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Debatten om høgreekstreme miljø har nådd nye høgder i løpet av året som snart har gått sidan 22. juli. Hordar av menneske har vist avsky og forakt mot gjerningsmannen si forvrengte verkelegheitsoppfatning. Likevel, trass i dei grufulle, ufattelege handlingane i Oslo og på Utøya, finst det stadig enkelte menneske som langt på veg deler gjerningsmannen sitt syn må verda. Rasistar, antisemittistar, nazistar. Norwegian Defence Leauge. Mindre enn eit år etter terrorhandlingane som hadde rot i rasehat, ser me også «vanlege borgarar» samvitslaust stå fram og hetsa romfolket som har slått leir på Årvoll. Dei vert kalla søppel, rotter og tjuvar. Dette er urovekkande haldningar.
Alle mentalitetar som går ut på at eit folkeslag er betre enn eit anna, gir grunn til bekymring – og undring. Korleis kan nokon i fullt alvor dømma andre menneske utifrå hudfarge, religiøs bakgrunn eller nasjonalitet? Dei fleste har nok høyrt utsegn som «alle innvandrarar er snyltarar og tjuvar», «alle somaliarar er valdtektsmenn» og «muslimar er terroristar». Rasehat har sitt opphav i uvitskap og frykt for det ukjende – men media må også ta si del av skulda. Når ein utlending eller innvandrar har gjort ei ugjerning, er media ofte flinke til å understreka nettopp kva opphav ugjerningsmannen har. Kva relevans har det? Om ein mann har brote seg inn, stelt eller slått ned ein person, spelar det vel inga rolle kva land han kjem frå? Det er vel ikkje noko verre om han er frå Irak eller Romania enn om han er frå Sverige eller Noreg? Det einaste me strengt tatt treng å veta er vel at den skuldige har fått si fortente straff? Slike irrelevante opplysningar om vedkommande sitt opphav gir grobotn for fordommar som i verste fall kan vidareutvikla seg til rasehat.
Alle som har levd ei stund veit at alle menneske er ulike. Det er derfor uforståeleg, og fullstendig ulogisk, å fordømma alle frå eitt land, ein minoritet eller alle som høyrer til éin religion. Det er på same nivå som å fordømma alle som har på seg raud hue. Å seia alle romfolk er tjuvar er like intelligent som å seia at alle med raud hue er vondskapsfulle. Ein person sine personlege eigenskapar har like lite med hudfarge og nasjonalitet å gjera som fargen på huda.
I alle land og alle religionar finst det idiotar, tjuvar og valdsmenn. Det er dumskap å tru noko anna. At det finst fleire kriminelle per innbyggar i enkelte land enn andre, er sjølvsagt. Kva er sjansen for at det finst akkurat like mange kriminelle i alle verdas 200 land? Dette er naturlegvis noko som også endrar seg over tid – men uansett er det enkeltindivid som er kriminelle, ikkje heile nasjonar, religionar eller minirotetar – dette veit dei fleste inst inne. Å fordømma eit heilt folk på bakrunn av det enkeltpersonar har gjort, er like ulogisk som det er urettferdig. Tenk om andre land i verda skulle fordømma oss nordmenn på grunn av det Breivik har gjort?