Clinton: – 22. juli var ei enorm tragedie
– 22. juli-angrepa var ein enorm tragedie, men folk i Noreg har nekta å la angrepa svekkja ånda deira, seier utanriksministeren i USA.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helsinga kjem i samband med at det søndag er eitt år sidan terrorangrepa skaka Noreg og ei heil verd.
– For eitt år sidan var verda vitne til ein enorm tragedie. Terrorangrepa i Noreg tok livet av 77 menneske, hundrevis blei skadde og kasta ein heil nasjon ut i sorg, seier Clinton.
Ho viser til at leiarane i Noreg svarte på terroren med ei oppmoding om meir demokrati, eit meir ope samfunn og meir humanitet.
– Dette stadfestar verdiane i Noreg. Det norske folk nekta å la desse angrepa svekkja ånda deira, meiner ei av dei mektigaste kvinnene i verda.
Hillary Clinton viser også til at ho besøkte Noreg i juni ,og då møtte ho nokre av dei overlevande frå Utøya.
– Vi snakka om livet deira og håpet deira, og eg blei slegen over kor framtidsretta og målretta dei var, og medkjensla dei hadde. Dei brydde seg om andre menneske og ønskte å finna måtar vi kan samarbeida på for å betra livet til folk, seier Clinton.
I helsinga ønskjer ho å minnast alle som mista livet 22. juli.
– Medan vi minnest alle dei vi mista og alle dei som blei påverka av dei tragiske hendingane for eitt år sidan, stadfestar USA den sterke støtta si til det norske folk og vårt djupe og varige vennskap, seier ho. (©NPK)