Tine vil laga opplevingssenter
Tine skal laga eit opplevingssenter for meieriprodukt i den nye mathallen på Vulkan i Oslo som opnar til hausten. Der skal folk få smaka på noko av det beste små produsentar kan by på.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er viktig for Tine å tilby den norske forbrukaren både spiss og breidd. På Mathallen i Oslo skal vi tilby matinteresserte nordmenn produkt med rike tradisjonar og handverksmessig preg, seier konserndirektør Hege Holter Brekke i Tine til nettsidene for konsernet.
Marknadsdirektør Sverre Landmark, som representerer eigedomsutviklaren i den nye Mathallen, er glad for å få Tine med på laget.
– Vi ser mange moglegheiter ved å få inn Tine i Mathallen i Oslo og synest det er særleg gledeleg at dei ønskjer å løfta fram også andre, mindre produsentar, seier Landmark.
Han rosar viljen Tine har til å tenkja nytt og meiner selskapet kanskje har det mest framoverlente miljøet for innovasjon og produktutvikling i landet.
Det planlagde opplevingssenteret for meieriprodukt i Oslo blir på 70 kvadratmeter og ein dagleg leiar og tre heiltidstilsette. (©NPK)
Les òg: Lite gift i norsk mat