Gav opp fast jobb for Japan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg hadde teke elektrikarfagbrevet, fann eg ut at i staden for å jobba innanfor elektro fram til pensjonsalder, ville eg studera akkurat det som interesserer meg mest, då eg enno hadde sjansen, fortel Brusegard.

Denne sommaren har han vore ein heil månad i Japan.

Kulturskilnader
– Kva er det med Japan som fascinerer deg slik?

– Svært mykje. Noko av det som er mest fascinerande og interessant er kulturen, og kor store kulturskilnader det er mellom Noreg og Japan. Når ein kjem til Japan blir ein gjerne overvelda over all takkinga, bukkinga, årsakinga og velkomstynskjinga, men ein blir van med det, og det er gjerne når ein kjem heim att til Noreg at det største kultursjokket kjem.

I toppklassen
– Årets sommartur starta med ei veke i Tokyo, men eg har òg vore innom mellom anna Kyoto, Osaka og Hiroshima, fortel Brusegard.

– Eg har stort sett budd på ulike vandrarheimar, men har òg hatt ei natt på kapselhotell.

– Kapselhotell?

– Dette er vanleg i Japan, fordi folk ofte har lang veg heim frå jobb og treng eit rimeleg alternativ. Hotellrommet er ein kapsel på to kvadratmeter med forheng føre. Det var ganske morosamt, for eg kunne høyra lydar frå dei andre som sov i kapslane rundt meg.

Kjendis
Som den høge og relativt blonde nordmannen han er, har Brusegard nærast oppnådd kjendisstatus i Japan den siste månaden.

– Uansett kor eg har vore, glaner alle på meg. Dei vil ta bilete med meg, og så lurer dei fælt på om det er min ekte hårfarge.

Denkiasan
– Kva er forresten elektrikar på japansk?

– Denkiasan. Direkte oversett vert det Herr Elektrisitet, ler Brusegard.

Les saka i Sogn Avis!