IOC vil fri til unge
IOC meiner unge treng meir aktivitet, og eit steg til å utvikle dette er å få dei til å sjå på OL.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gjennomsnittsalderen for dei som ser på OL er i dag 39 år. Vi er ikkje misnøgd med oppslutninga, som er formidabel, men vi ynskjer at òg dei yngre skal vere oppteke av det som skjer, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg til Bergens Tidende.
Han fryktar at det til slutt berre blir gamlingar som er oppteke av OL.
– Vi kjenner eit ansvar for å engasjere ungdomen, som i stadig aukande grad er meir oppteke av dataspill. Vi ynskjer å få dei bort frå datamaskina.
– Det viktigaste er stadig å leite etter øvingar som skal passe betre for dei yngre. Vi følar at programmet vårt ikkje treff aldersgruppa 16 til 24 år godt nok. Det er viktig å finne idrettar som dei yngre føler er deira eigen kultur.
Les òg: Den farlege kvardagskroppen