Hått på den eldste folkemusikkfestivalen i landet
Tradisjonell tatermusikk, gammaldansgruppa Hått og bygdedans som får golva til å gynge er noko av det publikum blir lova under Jørn Hilme-stemnet i Valdres 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hått på musikkfestival
Når Jørn Hilme-stemnet går av stabelen 22.– 29. juli i år, er det 52. gong den eldste folkemusikkfestivalen i landet blir arrangert.
Eitt av måla til festivalen er å gjere norsk folkemusikk- og dansetradisjon tilgjengeleg for eit breiare publikum, fortel arrangørane.
Røine festivalmusikar
Anders Erik Røine er årets festivalartist. Festivalleiinga presenterer han som «multimusikar», og ein av dei fremste munnharpespelarane i landet, han syng og spelar hardingfele, langeleik og gitar. Røine og Marit Kalberg har gjort suksess med Sudan Dudan og han spelar òg i gammaldansgruppa Hått.
Begge gruppene og Røine solo vert å høyre under festivalen
Akselsen-konsert i stavkyrkje
Det vert også Elias Akselsen og Stian Carstensen, som held konsert i Tingnes Kapell og Hedalen Stavkyrkje.
Akselsen er kjent som ein av dei fremste tradisjonsformidlarane av musikken til taterane i Noreg. Stian Carstensen er låtskrivar og spelar mellom anna trekkspel, gitar, banjo. Han er òg kjent som frontfigur i Farmers Market.
I framsyninga Stille blir spekteret av stemningar og dei indre landskapa som ligg til grunn for dei ulike felestilla utforska, fortel festivalleiinga.
Her deltek meisterspelemennene Per Anders Buen Garnås og Jan Beitohaugen Granli saman med fotograf Ingrid Skeie Ljones og dansar Silje Onstad Hålien. Dei tar deg med på ei sjeldan reise gjennom fargar, tonar og nykomponerte slåttar, skriv festivalleiinga.
Kappleik
I tillegg til desse og fleire andre konsertar, blir det mellom anna kappleik, kurs og dansetilbod på kveldstid med Valdres Folkemuseum som arena.
– Tradisjonen tru på museet blir det også gamaldans og bygdedans på mange golv, så du kan gå frå stove til stove og oppleve bygdedans og spelemenn som får dei gamle tregolva til å huske, lovar arrangørane. (©NPK)