Brukar Facebook til å sørgje

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hvorfor? Derfor

Jeg titta innom på kirkegården i kveld som så ofte før. Lars har fått på tjukk og god vinterdyne. Alt er hvitt og vemodig vakkert. Jeg undres – hvordan kan livet bare gå videre uten mitt elskede barn? Jeg stryker hånda over gravsteinen, hvisker god natt og rusler hjemover. Vet at det er sant det som ble sagt til oss en gang: Lars gjorde ikke dette mot oss, men for seg selv. Han bare måtte. Derfor..

Sitatet er henta frå Facebook-gruppa ”Foreningen til Lars Liens minne”. Lars sin familie har valgt å dele sorga på nett. Det er eit val dei deler med stadig fleire.

Leita etter meining
Då Lars Lien var femten år byrja han å flørte med rus. Det vart skjebnesvangert. Den blide, sosiale og kreative guten utvikla psykiske problem. 16. august 2007 avslutta Lars livet, 21 år gamal.

– Etterletne i ei kjensle av total meiningsløyse leita vi etter noko som kunne gi meining opp i alt det forferdelege, fortel Liv Esther, mor til Lars.

Familien frå Hallingdal oppretta eit minnefond i Lars sitt namn, med ønskje om å kunne hjelpe andre ungdommar som slit med rus og psykiske problem. Frå byrjinga valde dei openheit kring eit svært vanskeleg tema. I fjor laga dei ei gruppe på Facebook for å nå ut til fleire.

– Vi hadde mange diskusjonar før vi valde å lage sida, fordi vi frykta at det skulle vere nokre slagsider. Eg kjenner eit stort ansvar for sida, fortel Liv Esther.

Rom for støtte og samhald
Medievitar Dagny Regine Rosenberg har studert korleis minnegruppene vert brukt i si masteroppåve ved Universitetet i Oslo.

Ifølgje Rosenberg er trenden aukande. I etterkant av terrorangrepa som rysta Noreg i fjor har ungdom og vaksne som uttrykkjer medkjensle for etterlatne blitt eit vanleg syn i sosiale medium.

– Fleire av ungdommane seier dei oppretta gruppene for å syne respekt for den dei har mista. Dei vil òg ha ein stad der dei kan samlast på ein annan måte enn ved minnestund og minnesamvær, skriv Rosenberg i ein epost.

Gruppene kan vere ein måte å ikkje gløyme og ein stad der ein kan minnast, ifølgje medievitaren.

– Det er viktig for ungdommane å ikkje gløyme personen som ein gong var ein stor del av liva deira. Ein kan seie at dei heidrar minnet over ein dei var så glade i og som no er borte, og i gruppene kan minna leve vidare, skriv ho.

Rosenberg fann fleire likheitstrekk i dei ni gruppene ho studerte.

– Minnegruppene har stor betyding for dei etterlatne i den første tida etter dødsfallet. Etter som tida går ser ein at gruppene framleis er viktige, mellom anna ved at etterlatne skriv kommentarar direkte til personen dei har mista, fortel ho.

LES OGSÅ: Den farlege kvinnekroppen

Den vanskelege balansen
For Liv Esther og familien var det aldri eit ønskje å lage ei vanleg minnegruppe for sonen. Sida til foreininga har likevel blitt ein stad der tankar og kjensler vert delt.

– Måten Lars døydde på gjer minnegrupper til ein svært vanskeleg balansegang. På den eine sida var vi redde for at andre skulle tenkje at sjølvmord kunne vere ei løysing om vi spreia for mykje informasjon. På den andre sida kjem omsynet til alle som har behov for å dele tanker og kjensler, fortel ho.

Då dei laga nettsida var dei redde for at ungdom skulle kontakte dei med spørsmål og utfordringar dei ikkje kunne takle. I staden har dei fått omsorg, tankar og ord, som har rørt og overraska Liv Esther.

– I ungdom bur det så utruleg mange flotte tankar og meiningar som vi har fått ta del i. Slik har dei hjulpe både seg sjølv og oss.

Lars hadde eit stort nettverk, og i ettertid er det ungdommar som har gjeve familien mest respons på nettsida.

– Foreininga og nettsida har vore ein veldig god måte for vener og familie å bearbeide sorga på. Gruppa er ein stad der folk kjem med spontane uttrykk. Somme skriv direkte til Lars og somme skriv til oss. Vi har opplevd mykje positivt, fortel Liv Esther.

Ikkje uproblematiske
Medievitar Dagny Regine Rosenberg trur minnegruppene kan vere eit viktig supplement til sorgprosessen, men ser likevel ikkje på gruppene som heilt uproblematiske.

– Dersom minnegruppene er opne har framande som potensielt kan misbruke innhaldet tilgang. I Storbritannia har det vore tilfeller der avdøydde og etterletne har blitt mobba. Eg registrerte nokre få tilfelle der ukjende hadde skrive i gruppene. Somme hadde spurt om dødsårsaka, men alle syner støtte og omsorg for dei pårørande, seier medievitaren.

Ei anna utfordring er at ein i minnegruppene deler informasjon og bilete om ein person som ikkje kan gje sitt samtykkje. Det kan òg vere vanskeleg å avgjere kva tid ein skal avslutte å minnast på denne måten.

I tillegg kan det vere problematisk at kven som helst kan opprette ei minnegruppe.

– Berre éin av mine informantar hadde kontakta foreldra til avdøydde for få deira tillatelse til å opprette ei gruppe om deira son eller dotter, fortel Rosenberg.

Eit stort ansvar
Liv Esther er oppteken av ansvaret knytt til å drive ei gruppe i sonen sitt namn. Ho er usikker på kva ho hadde tykt dersom nokon utanfor familien hadde oppretta ei gruppe.

– Det er jo mange måtar å døy på. Når nokon har teke sitt eige liv er det veldig spesielt og ansvaret blir stort om ein skal gjere noko i etterkant. Eg hadde vore mest redd for at dei ikkje heilt hadde forstått det store ansvaret. Då kan det bli farleg, seier ho.

Tanken på at nokon andre skal kunne lage ei side om hennar Lars er òg vanskeleg.

– Det er noko med at Lars først og fremst var vår. Det blir veldig personleg. Eg veit at det skjer, men har ikkje opplevd det sjølv. Det kunne blitt feil eller vanskeleg, seier ho.


BALANSE: – I ungdom bur det så utruleg mange flotte tankar, som vi har fått tatt del i gjennom minnegruppa, seier Liv Esther Lien. Foto: Bryne Studio.

Spør pårørande først
Guro Skåltveit er seniorrådgjevar i Datatilsynet. Ho seier det er viktig å tenke på etikk og moral om ein vil opprette ei minnegruppe.

– Det du ikkje ville gjort i røynda, bør du heller ikkje gjere på nett, seier ho.

Difor meiner Skåltveit det vil vere naturleg å involvere pårørande før ein lagar ei minnegruppe på nett.

– Dersom diverse nære eller perifere vener opprettar ei slik side, kan det verke støtande på dei nærmaste. På same måte som ved ei minnemarkering vil det vere naturleg å snakke med pårørande først, seier Skåltveit.

Ho peikar på at ein har liten kontroll på kva som vert skrive i gruppene.

– Sjølv om ikke folk skriv negativt, er det ikkje nødvendigvis riktig. Det er lurt å gå varsamt fram, seier ho.

Dermed bør ein ha eit medvite forhold til korleis ein brukar gruppene.

– Det er kanskje lett å opprette ei side, også gløyme at den ligg der. Då kan plutseleg kven som helst skrive utan at nokon følgjer med.

I tillegg peikar ho på at avdøde personar ikkje har personvern ifølgje lova.

– Difor vert det ekstra viktig å trå varsamt, seier Skåltveit.

Hege Andersen i Medietilsynet sin Trygg bruk-sentral trur minnegrupper på nett kan ha mange positive sider. Ho rådar likevel ungdom til å tenkje over kva dei skriv i gruppene.

– Tenk over om dette er noko du kunne sagt til dei pårørande andlet til andlet, seier ho.

LES OGSÅ: Hei, angst!

Digital omsorg
Liv Esther har aldri opplevd å få støtande kommentarar og har heller ikkje vore redd for det.

– Eg har vore aller mest redd for at nokon som sjølv slit skal få det vanskelegare på grunn av vår openheit. Difor følger vi nøye med, fortel ho.

Gruppa som Liv Esther og familien laga er ikkje ei vanleg støttegruppe, men snarare ein kanal for å informere om foreininga sin aktivitet. Den har likevel spela ei rolle i sorgprosessen til familien.

– I ettertid ser vi at det var riktig å lage sida. Den har vore ein kanal for å nå ut til fleire, og tilbakemeldingane på openheita vår har vore omsorgsfulle og rørande, seier ho. 

LES OGSÅ: Gjennombrotet