Papirlaus på Vinjerock

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvart år har vi trykt opp tonnevis av informasjon på papir i form av aviser og programhefter. Like ofte har det vorte endringar som har medført at denne informasjonen blir utdatert, og til sjuande og sist har det aller meste hamna i avfallshaugen, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn.

På bakgrunn av dette tok Vinjerock eit val om å jobbe for å bli ein papirlaus festival, og heller informere publikum gjennom andre kanalar, som til dømes mobiltelefonen og storskjermar på området.

– Vi gjorde ei spørjeundersøking blant publikummet vårt i fjor haust, og av nær 800 respondentar svarte godt over 80 prosent at dette var dei svært positive til. Kun tre prosent ville helst behalde papiret.

Omfattande infrastruktur

Med desse tala på bordet var ikkje festivalleiinga i tvil om at dette var liv laga, og arbeidet med å finne ei løysing tok til. Men det var ikkje berre enkelt å få Eidsbugarden på nett.

– Tidlegare har vi basert oss på mobile løysingar, men denne gongen måtte vi tenkje i heilt andre dimensjonar.

Festivalen gjekk difor i dialog med Eidsiva Bredbånd, som umiddelbart tente på ideen.

– Forespurnaden om å levere WiFi-løysing til Vinjerock representerte ei ny og spanande utfordring for oss, og vi såg på dette som eit flott høve for å få erfaring med levering av trådlaust nett til store forsamlingar, fortel sals- og marknadsdirektør Margareta Willman, som vidare kan fortelje at festivalens profil var avgjerande for den store entusiasmen deira.

– Vinjerock handlar om så mykje meir enn berre rock. Friluftsliv, aktivitetar og kurs, samt fokuset på lokale leverandørar og gode opplevingar gjer dette til en festival som skil seg ut, slår ho fast.

Les òg: Tek ein islandsk

Stort potensiale

WiFi-løysinga på Vinjerock er eit pilotprosjekt for breibandsleverandøren, og etter planen skal både festivalområdet og størsteparten av festivalcampen få dekning. Koplinga til resten av omverda skjer via radiolinkar til næraste fiberkabel, ein del av løysinga som festivalen sjølv har stått for.

– Det blir stadig større etterspurnad etter trådlaust nettverk der mange er samla, og fleire arrangørar ser behovet for å kommunisere til digitale plattformar som publikum nyttar aktivt. Det gjer det enkelt å formidle program og endringar på ein rask og effektiv måte. Me gler oss til å vera med på dette, og ser moglegheitene for mange tilsvarande løysingar i vår region framover, konstaterer Willman.

For festivalsjefen er det ein ekstra motivasjon å heile tida kunne vera i forkant av utviklinga.

– Det er ikkje mange, om nokon, som har gjort dette før oss – og det er ekstra stas for oss å vera blant dei fyrste, til trass for at mangelen på infrastruktur i utgangspunktet tilsa at dette var umogleg.

Les òg: Keisarleg i Jotunheimen.