Skal rekne BSU-renter som inntekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er dei nye reglane for Lånekassen som regjeringa nettopp har vedtatt som gjer det mindre lønnsamt for studentar å spare i BSU. Reglane trer i kraft frå hausten og frå då av reknar ein renter frå BSU som inntekt.

Dermed får ein student mindre moglegheit til å tene pengar før stipendet ryk. Det er nemleg tak på kor mykje ein student kan tene, før stipendet blir gjort om til lån frå Lånekassen.

LES OGSÅ: Så dyrt er det å tene for mykje

Stimulerer ikkje til sparing
– Ein må spare om ein skal inn på bustadmarknaden. Regjeringa stimulerer ikkje til sparing. dette henger ikkje på greip, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NRK.

– Dette går ut over dei unge som ikkje er i marknaden, men som har byrja å spare. Det er paradoksalt at ein tvinger ungdom til å velje mellom bustadsparing og arbeid, seier informasjonssjef i Nordea, Thomas Sevang.

Også konsernsjef i DNB, Rune Bjerke, reagerte på nyheita i NRKSs Sommeråpent tysdag kveld. Han meiner styresmaktene må stimulere ungdom til å spare, slik at dei kan greie å skaffe seg ein eigen bustad.

LES OGSÅ: Student og på bustadjakt?

Fordelingspolitikk
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Elisabeth Dahle (SV) forsvarar nyordninga. Ho seier det handlar om fordelingspolitikk slik at dei som treng det mest får størst stipend. 

©NPK