I sommar kjem Pondus-utgåvene som forlaget meiner hadde fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede.

NPK-NTB– Gitte Johannessen
NPK-NTB– Gitte Johannessen
Forlaget har nemleg klekt ut ideen om å sleppe same Pondus-album i fire ulike variantar, med minst fem dialektar i kvart blad.
 
Blada kjem måndag, eitt på Sør- og Austlandet, eitt på Sør- og Vestlandet, eitt i Midt-Noreg og eitt i nord. Sjølv hevdar Egmont frimodig at dei fire albumversjonane «hadde fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede».

Fornøgd Pondus-far
Pondus-far Frode Øverli er fornøgd med at serieavkommet hans no har vorte fleirdialektisk.
 
– Eg veit det er gjort før med hell, med ein annan serie, så det er artig å prøve.
 
Men han innrømmer at det samtidig er litt snodig.
 
– Det er rart å sjå det fordi det ikkje er eg som har stått for omsetjinga.
 
Karakterane verkar annleis, men samtidig til å kjenne att. Jokke er Jokke uansett dialekt, fastslår Øverli til NTB.
 
Når han skriv tekstane til «Pondus», tar Øverli utgangspunkt i sitt eige språk og uttrykk.
 
– Ungane mine, som er tenåringar, har ein heilt annan sjargong enn eg. Men figurane i serien er sette i språket sitt, det ville vore rart om Pondus brukte dei siste uttrykka frå gata. Det måtte i så fall vere Påsan, sjølv om eg har gjort det i liten grad hittil, medgir Øverli – og blir litt ettertenksam.
 
Kva for eitt av dei fire målføra i «Pondus på din dialekt» har han sjølv har størst sans for?
 
– Det må vere nordnorsk, som eg alltid har hatt sansen for. Det smell godt i veggene når dei drar på!
 
– Eit hakk lenger
Språkforskaren Øystein A. Vangsnes har vore sjef for omsetjinga av Pondus til dialekt. Vangsnes er ein sogning som jobbar ved Universitetet i Tromsø, og som i si tid fekk ei brå oppvakning då familien flytta til Lillestrøm.
 
Han har sjølv sytt for den vest- og nordnorske utgåva av «Pondus», medan han sette vekk den midtnorske og austnorske utgåva til to kollegaer.
 
– Det at det blir gitt ut eit Pondus-album i fire dialektversjonar er eit tydeleg bevis på at vi nordmenn verdset dialektmangfaldet vårt, skriv Vangsnes i heftet.
 
Teksten i boblene er skriven svært lydnært, blant anna har han kutta ut alle stumme konsonantar, slik folk flest gjerne dels gjer når dei skriv dialekt.
 
– Vi har drege det enda eit hakk lenger, seier Vangsnes til NTB og fastslår at «omsetjarjobben» var for morosam til å seie nei til. Sjølv om han eigentleg strir ein smule mot kjepphesten hans om at dialektbruk ikkje er einstydig med humor, slik det lett blir.
 
– Dette er berre humor, men det får gå for denne gongen! ler han.
 
– Kurant og slangaktig
Språkforskaren karakteriserer språket til Pondus sjølv som «heilt kurant» og «slangaktig»:
 
– Han er bartender på ein fotballpub, og det inneber både litt på kanten-humor og nokre grove uttrykk. Nokre gonger måtte eg spørje meg sjølv om uttrykket ville gå, andre gonger bytte eg også ut noko – for å finne fram til stadlege uttrykk. Eg er spent på reaksjonane, innrømmer
 
Vangsnes, som i midtsideartikkelen sin blant anna peiker på forskjellar i ordforråd.
 
Dermed får Pondus-lesarane vite at bergensarane kallar kvinnebryst for «daiar», medan dei i Troms og Finnmark kan gå under namnet «deite», og i Sogn «tatta».
 
Og at der nordlendingane seier «hæstkuk», hadde austlendingar våga å seie «drittsekk» og på Sørlandet «dumming».

Dette snakkar dei
* Pondus snakkar tromsøværing, trondhjæmmer, bergensar eller gudbrandsdøl
 
* Beate snakkar sørhelgelending (Brønnøysund), romsdaling, kristiansandsdialekt eller arendalsmål
 
* Jokke snakkar ranværing, ålesundar, stavangersk eller østfolddialekt
 
(Kjelde: Språkforskar Vangsnes)
(©NPK)
Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE