Kunst på naturens premissar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Land art handlar om å la staden vera utgangspunktet for skapinga, og finne og formidle essensen av ein stad. Kunsten blir skapt med det som finst i naturen, eller ved å tilføre element til naturen. Kunstrørsla blei til på 1960-talet, som ein motreaksjon til den masseproduserte, kommersielle kunsten som gjorde sitt inntog då.

– Land art er noko heilt anna enn å lage ein skulptur for så å plassere han ute i skogen, forklarer Mosand.

Ho studerer ved Høgskulen i Telemark på Notodden, der ho utdannar seg til faglærar i kunst og handverk. Då høgskulen arrangerte eit kurs i land art tidleg i sommar, heiv ho seg på, saman med femten andre studentar frå åtte nasjonalitetar.

Under rettleiing av kunstnar Stuart Frost skapte dei femten land art-kunstverk på ei høgde ved Høgås i Notodden.

– Eg hadde ingen idear om kva slags kunstverk eg ville lage før eg kom opp dit og fekk sjå korleis det såg ut der. Eit daudt furutre fekk merksemda mi, og det blei til at eg jobba med det, forklarar kunstnarspira, som ho kallar seg sjølv.

Sjå det daude på ein ny måte
No står skulpturen «Furuleik» der.

– Det er eit daudt furutre, der pinnar frå eit furutre som nyleg er felt, er forma, barken er fjerna med bandkniv og festa i det døde treet. Sidan barken er fjerna, står pinnane i kontrast til dei andre mørkebrune furutrea i området rundt.

Slik skildrar Mari skulpturen, som ho håpar kan føre til refleksjon hos dei som ser han.

– Det får oss til å tenkje: Kva er levande, og kva er daudt? Det gamle treet får nye greiner, og me kan sjå det daude treet på ein ny og overraskande måte. Med tida vil pinnane få same farge som stamma, og naturens prosessar vil vera med på å fortsetje å forme skulpturen, forklarar ho.

Mosand er glad i og engasjert i naturen, og det kjem til uttrykk i kunsten hennar. Særleg har ho eit sterkt forhold til tre. Det særmerkte og vakre ved treet er noko av det ho ynskjer å få fram i «Furuleik».

– Utvalet av formene på greinene gjer at me ser furutreet på ein ny måte. Eg håpar folk som ser skulpturen vil starte å sjå rundt på dei nærliggande tre og oppdage den interessante, rare og vakre variasjonen i treverket.

Brukar gamle reiskapar
Studiet i land art kjem godt med i utdanningsløpet til Mari. Det å bruke naturen er noko som fell naturleg for menneske. Eit land art-prosjekt med ei femteklasse viste at det var noko dei tok på strak arm, og denne typen kunstprosjekt passar godt inn i kompetansemålet om samtidskunst i læreplanen, fortel Mari, som enno ikkje har bestemt seg heilt for kvar ho vil bruke kompetansen sin når ho er ferdigutdanna.

– Dessutan er det bra at ein tek fram att gamle handverkstradisjonar og -reiskapar når ein arbeider slik. Bandkniven eg bruka er ein reiskap som blir bruka i lafting. Det eg kallar sløydhest, «shaving horse», blei mykje bruka når ein arbeidde med fersk tre, seier den tradisjonsbevisste unge kunstnaren.

Les saka i VTB!