På Facebook mest for underhaldninga

Kvifor bruker så mange tida på Facebook? Først og fremst for underhaldninga og tidsfordrivet, viser ein ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook-brukarane er ikkje fullt så opptatt av å halde kontakten med gamle venner, men mange synest òg det er viktig å få høve til å uttrykkje seg.

Forskargruppa, som vart leidd av professor David Hunt ved universitetet i Connecticut, ville undersøkje kva som motiverer folk til å bruke Facebook. Facebook-bruken vart målt etter fem kategoriar som tidlegare forsking har vist motiverer folk til å bruke internett:

– Søk etter informasjon
– Kommunikasjon med andre
– Høve til å uttrykkje seg
– Fordrive tida
– Underhaldning

Les òg: Single menn styrer på Facebook

Studien stadfesta at alle faktorane gjeld også for Facebook, så nær som søk etter informasjon. Men underhaldning og tidsfordriv er dei klart viktigaste motivasjonsfaktorane for dei som bruker Facebook.

Den nye studien er publisert i tidsskriftet Journal of Broadcasting & Electronic Media. (©NPK)

Les òg: Difor funkar Facebook