Kristne og muslimar under same tak

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan tyde at kristne og muslimar må dele bygg, melder Vårt Land.  

Høgres talsmann i kyrkje- og livssynssaker, Svein Harberg, oppmodar Den norske kyrkja til å kartleggje korleis kyrkjebygningane som er i dag kan delast av fleire, som trussamfunn med sams opphav – og annan kulturell og frivillig aktivitet, skriv Vårt Land.

Særleg når det offentlege skal bidra til å reise nye kyrkjer eller religiøse forsamlingshus, vil Høgre tenkje nytt. I prinsippet må kristne og muslimar kunne dele dei same møtesalane.

– Fleirbrukskyrkjer bør vere regelen, seier Harberg, som også er leiar i livssynsutvalet i partiet.

– Eg skjønner at det er kjensler rundt ein kyrkjebygning. Og at det kan kjennast vanskeleg at fleire skal få bruke han. Men vi må våge å utfordre oss sjølv på dette, seier han og peikar på at kinoar, konsertsalar og idrettsanlegg er vanlege som fleirbruksanlegg.

– Slik bør det også vere overfor forsamlingslokale – både for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Når det gjeld gravplassar, blir det tenkt på fellesløysingar. Det lèt seg også gjere ved nye lokale, seier Harberg.

Ifølgje Vårt Land er forslaget forankra i Høgre-leiinga og kan inngå i arbeidet med ein eventuell regjeringsplattform etter det neste valet. (©NPK)

LES OGSÅ: Statsreligionen er dau, lenge leve Folkekyrkja!