Dobbelt så mange pilegrimar på tre år

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Vi har arrangert pilegrimsturar i tre år no og ser at det ber frukter. Det er ein stor auke i talet på vandrarar, seier pilegrimsguide Per Gunnar Hagelien til NTB.

Fem nasjonar er representert i gruppa som i desse dagar tråklar seg opp og ned graskledde bakkar i sommarvarme Gudbrandsdalen. På seks veker skal dei gå den 643 kilometer lange turen frå mellomalderparken i Oslo til grava til Olav den heilage i Trondheim.

LES OGSÅ: Sterk auke i talet på turistar frå Sør-Korea

Frå utlandet
– Mange misunner Noreg den vakre naturen og oljerikdommen, men det som har imponert meg mest er folka eg har møtt. Dei har gjort denne turen fantastisk, seier Heather Allore frå Connecticut i USA til NTB.

– Folk på jobb får sjokk når dei høyrer at eg skal gå i seks veker. Når eg fortel om turen, blir dei likevel fascinert, seier Kim Solli frå Oslo.

Dei to er blant dei mange som dei tre siste åra har fått opp auga for pilegrimsferd i Noreg. Den største veksten kjem derimot frå utlandet.

– Dei fleste kjem frå Tyskland, men vi har også merka større interesse frå Nederland og andre europeiske land, seier direktør Berit Lånke i Nasjonalt pilegrimssenter til NTB.

Etterlyser satsing
I 2009 annonserte dåverande kyrkje- og kulturminister Trond Giske (Ap) ei kraftig satsing på pilegrimsturisme i Noreg.

Sidan den gong er talet på andeleg reisande fordobla, men med eit svakt utgangspunkt er det framleis langt igjen før graset blir heilt flatt i dei mange leiene til Nidaros.

– Talet på dei som hentar bevis på at dei har gått pilegrimsferd til Nidaros har fordobla seg til 500. Talet på pilegrimar er derimot mykje større fordi mange ikkje veit om ordninga, seier Lånke, som etterlyser ei større satsing på servicetilbod langs leiene.

LES OGSÅ: Trollstigen blir opna som turistveg

(©NPK)