Sjekkar arbeidstakarane på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristine Svendsen, ungdomssekretær i LO i Nord-Trøndelag, seier til NRK at fagrørsla får inn stadig fleire meldingar frå ungdomar som er oppgitt over arbeidsgjevarane sine.

– Mange opplever at dei blir konfronterte med det dei har skrive på Facebook, seier Svendsen og understrekar at arbeidsgjevarar skal liggje unna religion og livssyn i tillegg til spørsmål om graviditet og seksuell legning.

Les òg: Single menn styrer på Facebook

Sosiologiprofessor ved NTNU i Trondheim Arne Krokan underviser i bruk av sosiale medium og seier det er vanskeleg å skilje mellom kva som er offentleg, og kva som er privat. Han har vore borte i tilfelle der arbeidsgjevarar har sjekka opp tilsette og kva dei har gjort på Facebook i ein sjukdomsperiode.

– Det er ikkje alltid det er samsvar mellom det dei har sagt på jobben, og det dei har fortalt facebookvenene sine, seier Krokan til NRK. (©NPK)

Les òg: Avslørar søkjarar på Facebook