Passiv røyking verre enn bilforureining

Bergensborn som blir utsette for passiv røyking, ser ut til å ha oftare astma enn dei som bur ved tett ved trafikkerte vegar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verre enn bilforureining

Forskarane klør seg i hovudet av funna, skriv NRK.

Særleg ved Danmarks plass, trafikkmaskina sør for Bergen sentrum, har luftforureininga vore ille fleire gonger dei siste vintrane. Likevel er det ikkje born i dette området som har mest luftvegsproblem. Ifølgje levekårsundersøkinga til Bergen kommune bur dei førsteklassingane som oftast har astma, i den meir landlege bydelen Arna.

– Der er det ein større del av foreldra som røykjer, enn i dei andre bydelane. Den samanhengen er godt dokumentert elles, seier Zuzana Magnussen, overlege for det førebyggjande helsearbeidet i Bergen kommune.

Den bydelen der færrast førsteklassingar har astma er Årstad, der Danmarks plass ligg.

– Kanskje er det ein naturleg seleksjon – at foreldre med born som har luftvegsplager, flyttar frå denne bydelen, men det er berre ei tru, seier Magnussen. (©NPK)