Eksport reddar kraftselskapa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den milde vinteren har gjort at kraftprisane har lege på eit mykje lågare nivå enn dei to føregåande vintrane.

– Om vi ikkje hadde hatt eksportmulegheiter, så hadde kraftprisen vore veldig låg i år. Mykje lågare enn vi ser no, og det ville vore eit katastrofeår for kraftselskapa. Eksportmulegheitene gjer at resultatet blir mindre dårleg, seier kraftanalytikar Olav Johan Botnen i Markedskraft til Nationen.

Han meiner kraftselskapa kjem til å få eit resultat som er ein del dårlegare enn dei føregåande åra. Året blir dårleg først og fremst på grunn av den låge straumprisen gjennom sommarhalvåret.

Også Energi Norge trur kraftverka får dårlege resultat i år, trass i høg eksport.

– Vi har for tida låge kraftprisar i Noreg og Norden som følgje av ein uvanleg våt haust kombinert med mild vinter med låg etterspurnad innanlands. Det resulterer i stor eksport i første halvår. Med større innanlandsk etterspurnad hadde vi ikkje eksportert krafta i same grad som i dag, seier kommunikasjonsdirektør Eivind Heløe.

– Inntektene per i dag er relativt låge fordi etterspurnaden er låg, og utan kraftutvekslinga med utlandet ville vi opplevd ytterlegare negativ utvikling, seier han. (©NPK)