Bilparken veks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje familie her i landet har to bilar, medan kvar åttande familie ikkje har bil i det heile teke.

I familiar med tre medlemmer er delen med to bilar 40 prosent, skriv Dagens Næringsliv. Kjem familien opp i fire medlemmer, har nesten halvparten gått til innkjøp av bil nummer to, viser tal frå analysebyrået Ipsos MMI.

LES OGSÅ: Mindre utslepp trass vekst

Ein kvart million nordmenn har tilgang til heile tre bilar, 60.000 fleire enn i 2006. Det gjeld særleg familiar med barn som er over 18 år, men som framleis bur heime. Som til dømes Mia Christine Modalen (19) frå Hønefoss.

– Med bil tek det ti minutt til skulen, med buss 30 minutt. Det er jo fint for foreldra mine at dei slepp å stå opp klokka 06.30 kvar morgon for å køyre meg til skulen, seier 19-åringen til DN.

Familien til broren hennar har fem bilar. Dei er i selskap med 2 prosent av hushalda, som har fire bilar eller fleire.

LES OGSÅ: Dinosaurar feis verda varm

(©NPK)