Single menn styrer på Facebook
Menn som er over 31 år og singel har blant dei som har mest å seie på Facebook, viser ein ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved New York University har granska 7.730 Facebook-brukarar og sett på kven som startar nye trendar og påverkar kva andre klikkar på og les, såkalla opinionsleiarar, skriv vitskapsbladet New Scientist.
Les òg: Difor funkar Facebook
Studien viser at menn har 49 prosent sterkare påverknadskraft enn kvinner. Samtidig er kvinnene 12 prosent mindre påverkelege enn menn. Studien viser også at kvinnene har 46 prosent sterkare påverknadskraft overfor menn enn overfor andre kvinner. (©NPK)