Folk som har vore arbeidsledige berre i nokre månader, kan bli merkte for livet og få problem med å kome i jobb igjen, viser norsk forsking.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Sjølv personar som har opplevd berre nokre månader med arbeidsløyse i ungdommen har mykje større sjanse for å oppleve arbeidsløyse eller bli uføretrygda seinare i livet, enn dei som aldri har vore ledige, seier professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH), Øivind Anti Nilsen, til Bergens Tidende.

Han og doktorgradsstudent Katrine Holm Reiso har sett nærmare på korleis det har gått med fleire hundre tusen norske menn og kvinner frå 1990 til 1998. Studien er omtalt i siste utgåve av NHH Bulletin.

– Det som overraskar meg er kor varig den negative verknaden av arbeidsløyse er. Eg hadde også håpt at den norske velferdsstaten sine omfattande tiltak for å få folk tilbake til arbeidslivet, ville avverje ei vedvarande brennmerking, seier Nilsen.

Samtidig er det verdt å minne om at dei aller fleste som blir arbeidsledige i Noreg, er i jobb igjen etter berre eit par månader, fortel professoren.

Han trur at arbeidsgivarane, arbeidstakarane sjølv og velferdsstaten må dele ansvaret for brennmerkinga. Jobbsøkjarar med sjølv korte arbeidsløyseperiodar blir av arbeidsgivarar rekna som ei uvisse, meiner han. Vidare viser han til at sjukefråvær og bruk av trygd er smittsamt, både i nabolag, blant kollegaer og mellom generasjonar. Dermed blir det meir akseptabelt å leve av Nav. Dessutan er sjølve trygdeordningane blitt så sjenerøse at det hindrar mange frå å prøve sterkt nok å skaffe seg jobb. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE