Sterk auke i talet på turistar frå Sør-Korea

Stadig fleire sørkoreanarar oppdagar Noreg som reisemål. I fjor auka talet på overnattingar av sørkoreanske turistar i Noreg med 19 prosent.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ønskjer at endå fleire tek ferien i Noreg, seier statssekretær Halvard Ingebrigtsen (Ap) i Nærings- og handelsdepartementet. I desse dagar er han i Sør-Korea saman med reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Noreg. Dei skal møte sørkoreanske turoperatørar og media for å gjere Noreg endå meir kjent som turistland.

Det er stor medieinteresse for kva Noreg har å by på, og 70 journalistar har møtt statssekretæren på reisa, melder Nærings- og handelsdepartementet.

Sørkoreanske turistar stod for over 45.000 overnattingar i Noreg i fjor, og det er ein vekst på heile 79 prosent frå 2009. Sørkoreanarar oppheld seg også lenger i Noreg enn gjennomsnittsturisten.

– Sør-Korea er ein viktig og veksande marknad for norsk reiseliv. Vi vil synleggjere Noreg som destinasjon endå meir, og vil difor treffe turoperatørar. Dei er avgjerande for å selje Noreg som reisemål, seier Ingebrigtsen.

Sør-Korea er no den nest viktigaste handelspartnaren for Noreg i Asia, etter Kina, men framfor Japan. Samhandelen er nesten tredobla det siste tiåret. (©NPK)