Vil nekte 18-åringar øl

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalforbod mot alkoholservering til vaksne under tjue år kan bli regelen, etter at den rusmiddelpolitiske handlingsplanen skal opp i bystyret torsdag skriv Avisa Nordland

Det er kommuneadministrasjonen som har foreslått tiltaka om innskjerpa alkoholreglar.

Ikkje skule dagen derpå
Eit av forslaga i planen er å innføre tjueårsgrense på alle uteplassar i kommunen som serverer alkoholhaldig drikke. Kun ved særskilte høve skal uteplassane kunne søke om å opne dørene til vaksne under tjue år. Då med atterhald om at arrangementet ikkje finn stad dagen før ein skuledag.

– Mange av dei som går ut på byen er unge og skuleelevar. Då meiner vi det er ein god idé å skjerpe alkoholreglane for desse, seier bystyremedlem Else Marie Torp frå Kristeleg folkeparti til NRK. Ho vil stemme for innskjerpinga. 

LES OGSÅ: Her kan du teste om du er avhengig

Kortare skjenketid
Eit anna forslag er å stramme inn skjenketidene til klokka 02.00. 

– Samanhengen mellom valdshandlingar og skjenketider er påvist. Eg tykkjer vi bør ta steget ut og gjere noko med det. Det er kun sju av dei tretti største byane i landet som har skjenketid til klokka 03.00 og politiet seier at eit av dei viktigaste tiltaka mot vald er redusert skjenketid, seier Torp til Avisa Nordland.

Men Torp har lita tru på at forslaga vinn fram. Ap, Høgre, Venstre og Frp er klare på at dei vil ha ølkranane opne til klokka 03.00 i Bodø.

– Eg har ikkje veldig tru på at vi får dei andre partia med, diverre. Eg hadde håpa at dei ville vere med og teste dette forslaget i eitt år, seier Torp til Avisa Nordland.