Facebook vil ha telefonnummeret ditt

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook krev telefonnummer

Sidan torsdag har Facebook byrja å syne dette på alle brukarkontoane sine på en gradvis måte. Ved å klikke på lenka blir brukaren send vidare til "tryggleikssenteret" , der ein blir hovudsakleg bede om å leggje inn eit mobilnummer.
De siste vekene har fleire sosiale nettverk fått hacka passorda til brukarane sine, mellom anna vart 6 500 000 LinkedIn-passord publisert på eit russisk forum, noko som har fått mange til å be om meir tryggleik. Facebook seier likevel at mobilnummersatsinga vart planlagt for lenge sidan, og ikkje er affektert av dette. Det sosiale nettverket har bede brukarane sine om å fylle inn mobiltelefonnummer sidan 2007, og brukar denne informasjonen til å fullføre den "sosiale grafen" dei har på brukaren.

Mobilnummer gjer nettkontoar tryggare?
Dei fleste tenester ber brukarane sine om å gje opp ei e-postadresse ved "krise". Når ein konto blir hacka, og ein hacker har endra passordet ditt, kan tenesta sende eit nytt passord på den andre adressa. Men mange brukar det same passordet på fleire tenester, og slik er det lett å få tilgang til alle sine e-postadressene for ein heldig hackar. Spesielt når nokon tek kontroll over dei viktigaste postkassane til ein brukar kan dei ofte finne passord eller opplysningar til andre kontoar eller e-postkasser.
Elektroniske tenester, med bankar i spissen, har byrja å spørje kundane sine om mobilnummer. Til dømes må kunden skrive inn ein tryggleikskode send via SMS for å bekrefte ei overføring gjort på nettsida til banken.

Les òg: Facebook-brukarar er slappe med tryggleiken

Ikkje ufeilbarleg
Andre nettgigantar har systematisert mobilnummerbruken, til dømes Google. Sjølv om det er tryggare å bruke passordvalidering via SMS er det ikkje ufeilbarleg. Blir telefone stolen eller kasta bort på anna vis kan informasjonen lett kome i feil hender, spesielt sidan dei fleste ikkje bruker ein kode for å låse opp telefonen. SMS er uansett ikkje ein veldig trygg teknologi, dei kan bli fanga opp, men kombinasjonen av passord og SMS er framleis tryggare enn dei noverande alternativa.

Les meir i Le Monde(fransk lenke).