Gratis festivalmoro i gummibåt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalmoro i gummibåt

–Seinsumaren 2009 var vi heime i Stryn utan noko å finne på. Så då tok vi ein tur opp elva og la ut i gummibåtar. Opplevinga var perfekt og vi fann ut at dette var noko vi måtte dele med andre, seier Stian Bøe.

Saman med Kristoffer Vik Nygård, Emil Solheim og Pål Henning Jørgensen, starta han Stryn Gumibåtfestival. Fyrste året var dei fire initiativtakarane einaste festivaldeltakarar, i 2010 auka det til 50 og i fjor var det 150 som sette nedover Stryneelva. 28. juli i år vil dei gjenta suksessen.  

Aftergummibåt

–Det er veldig god stemning altså, folk tek med CD-spelarar i gummibåtane og vi har grillstopp på ei øy undervegs, seier Bøe. For gummibåtfestivalen handlar om å ha det kjekt saman – i vakker vestlandsnatur. 

Arrangementet går over ein dag. Med sjøsetting eit stykke opp i elva, gummibåtferd ned til sentrum og så aftergummibåt med trubadur om kvelden. Fleire køyrer tema i båtane, og undervegs er det konkurranse og kåringar. Gjennom festivalen har ulike fartøy funne vegen ned elva, som eit oppblåsbart svømmebasseng med innebygd bar.

–Fjell, fjord og elv er ein veldig god kombinasjon. Sjølv om arrangementet er litt veravhening og det vert fleire folk om det ikkje regnar, så er det kjekt uansett, seier Bøe. 

Ut i vatnet

Vatnet i Stryneelva kjem frå isbrear, så sjølv om festivalen finn stad på seinsumaren, er ikkje temperaturen den mest behagelege. Likevel  innrømmer Bøe at ein del festivaldeltakarar har vore uti vatnet, men at folk kjem seg for opp på land.

–Tryggleiken er enormt viktig, men alt har gått bra og vi har eit flott samarbeid med Raudekrossen. Dei er godt representert og stiller mellom anna i våtdrakter, seier Bøe. Han peikar og på kor viktig at deltakarane har på seg redningsvest på ferda.

LES OGSÅ: – Vis festivalvett i sommar.

Gratis

I 2010 var alle gummibåtar i Stryn utseld ei veke før festivalen, så året etter tok handelstanden ansvar og det var rikeleg med båtar.

–Festivalen passar i grunnen for alle. Det er berre å møte opp med ein gummibåt og så er det heile gratis, forklarar Bøe. Festialdeltakarane har vore mellom 18 og 60. Lokale og tilreisande, både irerar og tyskarar har vore med på ferda.

Dei fire kompisane gjer alt festivalarbeidet på dugnad. Planlegging, nettside, småprosjekt, bannarar og organisering. Med festivalen bedyrarar dei, at dei har vorte over snittet interessert i gummibåtlivet og set gjerne utover elva fleire gonger i løpet av sumaren.

Visjonane for årets festival har dei også klåre:

–Vi har jo som mål å auke og vonar det vert over 150 festivaldeltakarar i år. Men det er god plass på Stryneelva, så vert det mellom 200 og 300 er det jo fantastisk, avsluttar Stian Bøe.

LES OGSÅ: – Bruk festivalane meir