– Ti dagar til ny EU-avtale

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

37 år gamle Tsipras går til val på ein anti-nøysemdsplattform, men vil at Hellas skal halde på euroen, melder Le Monde.

Den unge leiaren fekk 16,8% ved sist val for ein månad sidan, men skal ein tru meiningsmålingane kan han få langt høgre resultat no, kan hende til og med leie partiet sitt Syriza til å bli det største partiet. I Hellas er det ekstremt viktig å bli størst, ettersom valsystemet gjev det største partiet 50 bonussete i parlamentet som totalt har 300 sete.

Dei fleste grekarane skuldar på EU, særleg Tyskland, for problema dei har, og at landet ikkje lenger har kontroll på sin eigen økonomiske politikk. Syriza har lova å ta att kontrollen frå EU. Den viktigaste konkurrenten, høgrepartiet Ny Demokrati, var med i regjeringa som godtok krava frå EU, og har difor mindre oppslutnad enn dei nokongong har hatt før.

– Sundag er kan hende ikkje slutten på kapitalismen, men eit første steg mot dette, seier den entusiastiske Syriza-støttespelaren, målaren og aktivisten Katerina Gerganta.