Leiger ut hytter i nasjonalparkar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I nasjonalparkane får du heile hytta for deg sjølv i eit område som ikkje ein gong milliardærar kan byggje i, seier Torbjørn Madsen i Inatur til Newswire

Jakt- og fiskeportalen inatur.no leiger ut dei rimelegaste hyttene til landet. Nokre av dei over 300 hyttene i basen har ein leigepris heilt nede i 100 kroner.

– I tillegg til hyttene som ligg i nasjonalparkane, er ein del hytter plassert rett ved parkane og er eit glimrande utgangspunkt for turar i freda natur, seier Madsen.

Hyttene ligg i eller ved nasjonalparkane Reisa, Dividalen, Jotunheimen, Hardangervidda, Blåfjella-Skjækerfjella, Ånderdalen, Lierne og Langsua.

– Nasjonalparkane er noko nordmenn er stolte av. Dei er der oppe saman med fjordane, Amundsen, og 2-1 over Brasil, seier Madsen.

Urørt
Inatur blir ått av Noregs Jeger- og Fiskerforbund, Statskog, Noregs Skogeierforbund, Norske Lakseelver og Noregs Fjellstyresamband. 90 av hyttene i portalen blir ått av Statskog, resten av ulike fjellstyre og private grunneigarar.

Dei fleste av dei 300 hyttene har enkel standard, det vil seie utan straum, innlagt vatn, TV og bredbånd. Nokre er enkle nok til å bli kalla koier. Og det er ikkje mange av dei som har bilveg heilt fram.

– Hyttefelta har teke over i dei fleste seterområde i Noreg. Hyttene våre er siste høvet til å oppleve kjensla av å vere i ekte norsk villmark. Det er hyttelivet slik nordmenn har opplevt det sidan 1800-talet, seier Madsen.

I nasjonalparkane kan du ta’n heilt ut når det gjeld opphavleg hytteliv. Her skal det verken byggjast eller bli tilrettelagt.

– Kvar av dei 42 nasjonalparkane har sin eigen forskrift, men det er eit generelt forbod mot privat hyttebyggjing i nasjonalparkane. Det kjem òg svært få søknader om dette i løpet av eit år, seier seksjonssjef Olav Nord-Varhaug i Direktoratet for naturforvalting.

Vegbyggjing er òg så godt som heilt forbode.

– Det vesle som blir bygd i nasjonalparkane er tilknytta næringsverksemd, som utvidingar eller påbygg til turisthytter, og dessutan at bønder får setje opp gjeterbuer eller samlebuer tilknytta seterdrift, seier Nord-Varhaug.

Variasjon
Torbjørn Madsen i Inatur trekkjer fram hyttene til Årdal Jeger og Fiskerforening som døme på indrefiletane. For hundre kroner natta får du hytter med tre eller fire sengeplassar plassert i eller tett på Jotunheimen nasjonalpark.

Men nordmenn flest ser for få nasjonalparkar, meiner han.

– Nordmenn er stadfaste. Det er så mange unike område som kan oppdagast dersom ein berre går litt utanom dei kjende stigane. Alle parkane har særpreget sitt, faunaen sin og dyrelivet sitt – frå den golde Jotunheimen og den kvite Jostedalsbreen, til det frodig grøne Lierne i Nord-Trøndelag, seier Torbjørn Madsen i Inatur.

Eksempel på ledige hytter her