Meir entreprenørskap med nye valgfag

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortingsmeldinga Motivasjon, Mestring og Høve, legg opp til meir praktisk læring på ungdomstrinnet. Åtte nye valfag kjem hausten 2012, og fleire blir introdusert i 2013 og 2014. Ungt Entreprenørskap ventar høg aktivitet med programmet Elevbedrift i dei komande skuleåra.

– Elevbedrift passar som hand i hanske til dei nye valfaga. Gjennom å setje sine eigne ider ut i livet, får elevane kjenne på skapargleda, og dei utviklar sjølvtillit og gode samarbeidsevner, seier Hege Elisabeth Sætre, koordinator for grunnskule i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Ungt Entreprenørskap arrangerer kurs i Elevbedrift for lærarar, og held orienteringsmøte ved skulane. Dei som driv Elevbedrift kan òg få rådgjeving undervegs i undervisinga. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner valfaga gjev spennande tilbod for alle elevar:

– Valfaga skal dessutan innfri ei anna sentral målsetting frå ungdomstrinnsmeldinga, nemleg å gje elevane høve til å arbeide meir praktisk. Dette står ikkje i motsetnad til dei faste faga. Tvert om gjev valfaga røynsle og kunnskap som òg undervisinga i andre fag vil dra nytte av, seier Halvorsen.

Les òg: Skapar fleire leiarar og bedrifter

Elevbedrift er eit pedagogisk program for elevar i ungdomsskulen, der elevane røyner kva det inneber å starte, drive og avvikle sine eige føretak. Ungt Entreprenørskap tilbyr lærarar rettleiing og ressursmateriell med ei verktykasse beståande av lærerrettleiing og nettbaserte tips, øvingar, skjemamalar og døme.

Les òg: Vil ha fleire studentar på bana