Bybuarar trivst best i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På spørsmål om kor nøgd ein er totalt sett med kommunen som ein plass å bu og leve i, svarar 32 prosent at dei er svært nøgd. 45 prosent seier dei er nøgd, mens 4 prosent ikkje er det.

Dei mest fornøgde bur i Oslo og Akershus, i tillegg til i byar med meir enn 50.000 innbyggjarar. I Akershus svarer 79 prosent at dei er fornøgde.

– I Noreg bur folk der dei vil bu. Det er få som bur på ein plass mot si eiga vilje, og det er ein grunn til at trivselen er så høg. Noreg er eit trivselsland, seier seniorforskar Oddveig Storstad ved Bygdeforskning til Nationen.

Ho meiner norske kommunar har eit ganske likt innhald i velferd og tilbod og trur det er andre faktorar enn pengar som spelar inn.

– Det er vanskeleg å finne samanheng mellom økonomien i kommunen og kor fornøgde innbyggjarane er. Trivsel handlar om så mykje meir. Det å ha venner, familie, nettverk og ein jobb du trivst i, er mykje viktigare, seier Storstad.

Sosiolog Ragnhild Skogheim ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) forklarar trivselen med godt tilbod til eldre og ungdom, og relevant arbeid som passer utdanninga til innbyggjarane. (©NPK)