John Maus er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Händel med synth

John Maus er ein amerikansk komponist og popartist – like langt frå å vere ein tradisjonell komponist som ein tradisjonell popartist; altså eitt eller anna imellom. Han er fødd 23. februar 1980 i Austin, Minnesota. Det blir påpeikt at han dermed er fødd på bursdagen til barokk-komponisten G.F. Händel (1685–1759), og midt i synthpopen si glanstid, noko som også fungerer som eit bilete på den merkelege musikken hans.

Maus har bakgrunn frå performancekunst og eksperimentell musikk, og gjorde sine første innspelingar allereie som 11-åring, saman med kompisane Sam Anderson og Cory Boik. Dei heldt fram med å produsere små utgjevingar utover 90-talet. Seinare studerte Maus musikk ved California Institute of the Arts. Det var her han møtte musikaren Ariel Pink.

Pink, pop, 80-talet
Pink er så vidt eldre enn Maus, og dei to fann raskt tonen. Det var gjennom dette samarbeidet at Maus si interesse for popmusikk vakna. Allereie i 1999 kom fellesutgjevinga Underground, på plateselskapet Vinyl International. Loverboy vart gitt ut i 2002, og var det hittil siste offisielle plate-samarbeidet mellom dei to. Men John har seinare vore ein del av Ariels live-band, og ein kan tydeleg høyre slektskapen dei imellom når ein lyttar til soloalbuma deira.

Etter studia i California reiste John til Saas-Fee i Sveits, for å studere politisk filosofi ved ein privat høgskule der. Seinare returnerte han til fødebyen sin Austin, og gav etter kvart ut debutalbumet Songs (2006). Musikken fekk ei lunken mottaking. Mange meinte han var rotete, og altfor 80-talsnostalgisk. Men Maus seier det provoserer han at folk berre høyrer kopieringa av 80-talet i synthmusikken hans; han meiner lydane i synthen opnar for vidare og meir komplekse landskap enn gitaren, at ein kan skildre samtida betre med synthen.

Sensur og karaoke
Også i tekstene og titlane insisterer John Maus på meir enn catchy overflate. Tittelen på det tredje albumet hans, We Must Become the Pitiless Cencors of Ourselves (2011), siterer den franske filosofen Alain Badiou. På albumet finst songen Cop Killer, som også er tittelen på ein kontroversiell song av bandet Body Count, gjeven ut – og så bannlyst – i 1992. Songen handlar ikkje om å drepe eit menneske, meiner Maus, men om å drepe stillstanden (politisk, musikalsk osb.).

LES OGSÅ: Vil omsetja rockens bestefar?

Og stillstand er verkeleg ikkje noko ein kan skulde Maus for å fronte. Han er nesten aller mest kjend for dei intense konsertane sine. I likheit med Ariel Pink i sin tidlege fase har John Maus ikkje noko band. Her er musikken innspelt på førehand – eit karaoke-show, som han sjølv seier – medan han sjølv spring febrilsk rundt på scena, hoppar, slår armane energisk gjennom lufta (som ein diggande fan). Det er ikkje for ingenting at det plar bli heitt på ein John Maus-konsert.

John har også gjeve ut albumet Love Is Real (2007). Han har spelt synth for artisten Panda Bear, og bandet Animal Collective. I 2011 fullførte han ein PhD (doktorgrad) i statsvitskap, og han jobbar no ved University of Hawaii, i tillegg til å vere musikar.

Først publisert i Norsk Barneblad!

Gå til musikksidene våre!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE