Sløyesystem for fisk, økologiske knekkebrød og skihjelm med innebygde skibriller var blant ideane under årets NM. Ingen av bedriftene hadde som mål å løyse samfunnsproblem.

Tora Hope
Tora Hope

Under Norgesmessa for studentbedrifter var det ikkje noko eigen pris for beste sosiale entreprenør, slik det var under NM for ungdomsbedrifter. Konsernsjef i Ferd, Johan H. Andresen, meiner det er for tidleg, men kunne tenkje seg at fleire fagretningar kom på bana.

Sosiale entreprenørar freistar å finne sosiale løysingar som er økonomisk bærekraftige.

Arrangørane i Ungt Entreprenørskap delte for første gong ut pris for beste sosiale entreprenør under NM for Ungdomsbedrifter i april, då elevar frå vidaregåande skular over heile landet møttest i Lillestrøm.

LES OGSÅ: Laboratorium for velferd

Då høgskule- og universitetsstudentane møttest i Næringslivets hus i Oslo før helga, var ikkje sosialt entreprenørskap like i vinden.

Johan H. Andresen var til stades for å dele ut Ferdprisen for største internasjonale potensial. Ferdkonsernet har sjølv investert i fleire sosiale entreprenørar.

– Eg er ikkje overraska over at det ikkje er fleire sosiale entreprenørar under årets NM. Vi har eit stykke å gå før fleire set si sosiale løysing i verk som ei bedrift, seier Andresen.

Andresen meiner det ligg stort potensiale i studieretningar som ikkje var representert under NM.

– Studentar som sjukepleiar-, politi- og barnevernspedagogstudentar har kunnskap som kan vere svært verdifull for sosiale entreprenørar. Men vegen frå idé til forretning kan vere lenger for desse studentane enn for studentar ved gründerlinjer, seier han.

– Ein treng ikkje nødvendigvis gå utdanningsvegen for å lukkast. Det handlar meir om kven som ser potensialet og bestemmer seg for å gjere noko med det, legg han til.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktoravhengig

Bru mellom studentar og arbeidsliv
Sjølv om ikkje sosialt entreprenørskap var i fokus under NM, mangla det ikkje på idear.

– Vil du smake, smiler Heidi Rødseth Helgesen (22). Eit hav av sprø, ferske knekkebrød representerer bedriftsideen bak Knekkefrø.

– Vi lagar knekkebrød av frø og nøtter, som er sunne, med sunt feitt som er godt for hjerte og hjerne, seier Helgesen og syner fram eit hjarteforma døme på knekkebrøda.

Saman med tre medstudentar frå Høgskolen i Ålesund stilte ho i NM for studentbedrifter. Der konkurrerte atten bedrifter om titlar som beste studentbedrift, beste forretningsplan, beste rekneskap og størst internasjonale potensial.

Studentbedrifta SKAI.net frå Høgskolen i Østfold vil med sin idé auke jobbmoglegheitene for ferske nyutdanna.

– Vi har laga ei nettside der studentar frå ulike fagretningar kan stille kvarandre spørsmål mot betaling. Alle svara blir registrert i studentane sin CV. Bedrifter kan kjøpe seg tilgang og slik marknadsfører vi studentane, fortel Petter Elgheim (22).

LES OGSÅ: Vann NM for studentbedrifter

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE