Vann NM for studentbedrifter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sløgde seg til gull

– Vi er heilt overvelda. Å drive studentbedrift har vore knallhardt arbeid, og det har vore artig å sjå kor langt vi har nådd med eit godt nettverk av profesjonelle folk. Dette er utruleg gøy, seier Inger Anne Overå, dagleg leiar i Figuma SB. 

I sommar skal føretaket representere Noreg på EM i Makedonia.

"Føretaket har identifisert og utnytta nettverket sitt innan den aktuelle bransjen. Deltakarane i føretaket har vist stor vilje og evne til gjennomføring. Med dei rette kontaktane, mentorer og med god økonomistyring vidare, vil føretaket raskt kunne gje eigarane sine god avkastning" heit det i grunngjevinga til juryen.

Telemark vart det mestvinnande fylket på årets noregsmeisterskap. Embra SB tok fire gjæve prisar, og Utilia SB – òg dei frå Høgskulen i Telemark – vann Ferdprisen for størst internasjonalt potensial. Prisutdelar Johan H. Andresen hadde med seg nok ein EM-billett og sendar vinnaren av Ferdprisen til Makedonia. 

LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter

Rosar høgskular
– Dette er først og fremst ein heider til studentane for den innsatsen dei har lagt ned i studentbedriftene. Men det er òg ein viktig heider av Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Telemark. Desse to skulane legg på ein forbiletleg måte til rette for at studentane kan bruke det lokale næringslivet som læringsarena. Me håpar fleire høgskular ser at samarbeid med næringslivet komer både studentane, høgskulen og næringslivet til gode, seier Kristin Willoch Haugen, fungerande administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge. Haugen synest òg det er svært positivt at Universitetet i Oslo for første gongen tek ein pris under NM. 

LES OGSÅ: Felespelaren som starta oljeeventyr

I to dagar har studentbedrifter frå heile landet konkurrert under NM for Studentbedrifter på Næringslivets Hus i Oslo. Studentane har konkurrert i sju ulike kategoriar, og juryane har vore breitt samansett med meir enn 40 personar frå privat næringsliv, offentlege verksemder, ulike organisasjonar og verkemiddelapparat.  

Emra SB stakk av med fire prisar under NM i Studenbedrifter. – Dette gjekk over all forventning, seier gjengen, som fekk pris for beste samarbeid med næringslivet, beste HR-bedrift, beste forretningsplan og nest beste studentbedrift. F.v. Erik Angelsen, Hallvar Huse, Mikael Basteskår, Cato Nilsen og Sjur Reiremo.