Feirar klimaforlik
Semje om klimaforlik på Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringspartia har vorte samde med Høgre, KrF og Venstre om eit nytt klimaforlik, fortel kjelder på den raud-grøne sida til NTB.
Semja var klar rundt klokka 14.30 torsdag ettermiddag. Partane hadde da byrja å snakke saman igjen etter at dei gjekk frå kvarandre rett over midnatt natt til torsdag.
– Vi er svært glade for at dei har vorte einige, og at næringslivet har fått føreseielege rammevilkår, noko vi har vore opptatt av. Dette er den største utfordringa i vår tid, seier Bellona-leiar Frederic Hauge til NTB.
Opposisjonspartia på Stortinget var optimistiske før dei torsdag ettermiddag tok fatt på innspurten i forhandlingane med regjeringa om klimaforliket.
– Eg trur det er rom for eit klimaforlik, sa leiar Knut Arild Hareide i Kristeleg Folkeparti til TV 2 da han torsdag ettermiddag var på veg inn til dei nye samtalane. Venstre-leiar Trine Skei Grande sa at samtalane da hadde vore konstruktive så langt.
– Vi prøver å få til ei semje, seier ho til TV 2.
QUIZ: Prøv deg på Den store klimaquizen!
Her er noko av det viktigaste partia blei samde om:
• Regjeringa foreslo 25 milliardar kroner til å byggje opp eit nytt fond for klimateknologi. Forliket betyr at milliardane blir sett i arbeid tidlegare enn planlagt, blant anna 10 milliardar meir i 2013.
• 500 millionar kroner meir til den statlege belønningsordninga for betre kollektivtrafikk og redusert biltrafikk i byane.
• Avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar blir garantert ut neste stortingsperiode (2017).
• Semje om at byområde som skal motta auka statleg støtte til å byggje ut kollektivtrafikken må inngå forpliktande avtalar om å redusera biltrafikken og prioritera kollektive løysingar.
• Raskare utbygging av Inter City-jernbana på Austlandet.
• Forbod mot oljefyring i private bygg innan 2020. Utfasing av oljefyring i statlege bygg innan 2018.
• Nytt mål og verkemiddel for energieffektivisering i eksisterande bygg.
• Eigen nasjonal strategi for biogass.