– Fleire unge menn bør teste seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire unge bør teste seg

Det er særleg unge menn som vert oppmoda om å ta ein test, skriv Folkehelseinstituttet på nettstaden sin.

Klamydia er i dag den mest vanlege seksuelt overførbare bakterielle infeksjonen i Noreg. Sju av ti som fekk diagnostisert klamydia i 2011 var under 25 år, og 61 prosent av dei diagnostiserte var kvinner.

LES OGSÅ: Fleire yngre sex-debuterer

– Dei siste fem åra har det vore ein nedgang i talet på tilfelle i aldersgruppa 15– 19 år, medan det i same periode har vore ein tilsvarande auke i aldersgruppa 20– 24 år. Denne utviklinga er mest tydeleg hos kvinner, seier seniorrådgjevar Hilde Kløvstad ved Folkehelseinstituttet.

Kløvstad seier tala i stor grad speglar kven som vel å teste seg, og ikkje nødvendigvis den reelle fordelinga av klamydia i befolkninga. Det reelle talet smitta i befolkninga er derfor ikkje kjent.

LES OGSÅ: Gratis prevensjon til unge kvinner

Fordi sjukdomen er utan symptom i 60– 80 prosent av tilfella, er han lett å oversjå. Ubehandla kan klamydia i enkelte tilfelle gi komplikasjonar både hos menn og kvinner, til dømes problem med å bli gravid, opplyser Kløvstad.

Klamydia kan enkelt behandlast med antibiotika. (©NPK)