Lær kinesisk i Bergen

Frå og med neste år utvidar Universitet i Bergen tilbodet for dei som vil studere kinesisk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av dei førti plassane som vart tildelt Universitetet i Bergen i revidert nasjonalbudsjett var det ti som ikkje var øyremerkte eit spesielt fagfelt. Desse plassane er no gitt til Det humanistiske fakultet for etablering av eit studietilbod i kinesisk, skriv uib.no.

Gjert Kristoffersen, som er dekan ved fakultet, fortel at løyvinga i første omgang bør gjere det mogleg å opprette eit bachelorprogram, men at det i det minste vil vere snakk om eit årsstudium i kinesisk. Oppstarten er tenkt hausten 2013.

I dag tilbyr UiB byrjarundervisning i kinesisk i regi av Konfutse-instituttet i Bergen, organisert gjennom Senter for etter- og vidareutdanning og med Institutt for framandspråk som fagleg samarbeidspartnar. (©NPK)