Mobiliserer for klimaforlik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle dei viktigaste miljøvernorganisasjonane, fleire ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar, Kyrkja og ei rekkje andre organisasjonar står bak oppropet som blir sendt til alle partia på Stortinget tysdag – på sjølvaste Verdas miljødag.

– Treng eit ambisiøst klimaforlik
– Me som har underteikna dette oppropet ber regjeringa og opposisjonen om å setje seg ned ved forhandlingsbordet igjen for å bli einige om eit nytt og ambisiøst klimaforlik. Viss ikkje hamnar me i ein fortvilt situasjon der det ikkje blir eit solid fleirtal for svært viktige klimatiltak, heiter det i brevet.

– Dei alle fleste partia på Stortinget er einige i at klimatrusselen er verdas alvorlegaste utfordring. Då må dei også klara å bli einige om utsleppskutta her heime, utan først og fremst å tenkje på kva som tener deira parti best.

– Det ligger no fleire forslag på bordet både frå regjeringa og frå opposisjonen, som er viktige og som bør bli vedtatt. Me ber partia setje seg ned ved forhandlingsbordet igjen og visa reell vilje til forhandlingar, avsluttar brevet.

QUIZ: Prøv deg på Den store klimaquizen!

Pisk eller gulrot?
Fredag droppa Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ut av klimaforhandlingane med opposisjonen. Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre hadde då fremja forslag om ei rekkje forslag til kollektivtrafikk, karbonfangst, klimaforsking, fornybar energi og energieffektivisering. Regjeringspartia meinte ifølge TV2 at opposisjonen kom med "urimelege krav om fleire milliardar kroner".

– Det er ingen hemmelegheit at me flytta på milliardar under forhandlingane, men dei borgarlege ville ikkje vera med på tiltak for å avgrensa bilbruken, sa Lars Egeland (SV) til TV2.

Også i programmet Politisk kvarter på NRK P2 tysdag morgon, kom det fram at regjeringspartia er usamde i pengebruken til opposisjonen. Dei raud-grøne vil òg ha fleire restriktive tiltak som vil føra til mindre vekst i bilbruken.

Regjeringens klimamelding er god på mål og visjoner, men mangler troverdige virkemidler og tiltak. Slik meldingen ligger, er det lite sannsynlig at de ambisiøse målene kan nås. Syversen mener at et nytt klimaforlik må derfor inneholde mer forpliktende klimatiltak.

KrF opnar for å forhandla
– Oppropet frå 74 organisasjonar og enkeltpersonar viser kor viktig klimaet er, og kor viktig det er å koma fram til brei politisk semje, seier Hans Olav Syversen (KrF).

– Me har heile tida vist vilje til forhandlingar og har flytta oss langt for å koma regjeringspartia i møte. Me er når som helst villig til å setja oss ned og forhandla igjen, men då må regjeringa også ville det. I dag er verdens miljødag. Dette bør vera eit godt tidspunkt å ta opp samtalane om ein av dei viktigaste utfordringane verda står overfor, seier Hans Olav Syversen.