Noreg blir høgare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først ut i 2012 er sju sørlandskommunar som innfører det nye høgdesystemet dei nærmaste vekene. Deretter vert nye høgder rulla utover landet i puljer fram til heile Noreg er over på nytt høgdesystem i 2015.

Det er store lokale forskjellar på kor mykje høgdemålet vert justert, men i snitt blir høgd over havet justert frå minus 10 centimeter til opptil 35 centimeter, opplyser Kartverket.

Dei sju sørlandskommunane som no går over til nytt høgdesystem, vert reduserte med i snitt 10 centimeter. Dette gjeld Iveland, Vennesla, Lillesand, Søgne, Birkenes, Songdalen og Kristiansand.

I haust skal blant anna grensekommunane i Hedmark over på nytt system. Der er Trysil den kommunen som vil «stige» mest, med om lag 35 centimeter.

QUIZ: Har du peiling på norsk geografi?

Kartverket har førebudd overgangen til nytt høgdesystem i fleire år, og i fjor innførte 11 pilotkommunar nye høgder. Størst utslag fekk det i Trondheim, som i motsetning til dei fleste andre kommunar i landet har brukt eit referansesystem frå 1890 heilt fram til i dag. Dermed blei trønderhovudstaden «senka» med opptil 90 centimeter. (©NPK)