Jubilerer i Spektrum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Den siste laurdagen i november er det duka for storstilt feiring av eitt av landets fremste og mest populære liveband. Med nytt studioalbum og 20-årsjubileum som plateutgivande artistar, samlar Hellbillies fans frå heile landet til ein gedigen jubileumskonsert i Oslo Spektrum. Konserten set punktum for konsertåret 2012.

Veteranar
Med 20 år på baken sidan debutalbumet «Sylvspente Boots» i 1992, 1500 konsertar, 12 plateutgivingar og nytt album i november, er Hellbillies klare for ein skikkeleg festaftan. 

Konserten blir eit djupdykk i deira rikhaldige repertoar, med gamle klassikarar og heilt nye låtar.

Plateslepp
Innspeling av den trettande plata er godt i gang, og fyrste smakebit er venta mot slutten av sommaren. Albumet følgjer opp «Leite etter lykka» frå 2010, som låg ni veker på fyrsteplass på VG-lista og selde 80.000 eksemplar i Norge.

Solid gjesteartist
Kveldens gjesteartist er ingen ringare enn Jonas Alaska med band. Alaska gav ut eitt av fjorårets mest omtalte debutalbum, og vann tidlegare i år Spellemannpris i klassen «Årets nykomar».  

LES SAKA I HALLINGDØLEN!