Lagar gourmetmåltid av matrestar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gourmet av matrestar

Arrangøren inviterer til matgilde i Tromsø, Stavanger, Bergen Oslo og Trondheim, der frivillige kokkar lagar måltid av resteutvalet frå matkjedene.
 
Aksjonen er ein protest mot at vi på verdsbasis kastar 30 prosent av maten som blir produsert, skriv Nationen.
 
Matgilde mot Hungersnød oppfordrar til lokale aksjonar og ein ber gjestene om å donere ein valfri pengesum for restematen frå butikkane, laga som eit bugnande måltid. Det ein samlar inn, går til Sahel-beltet i Vest-Afrika, der det er ei stor fare for tilsvarande matkrise som på Afrikas Horn i fjor. (©NPK)