Kan Mitt Romney slå Obama?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida spør Alf Tomas Tønnesen, ekspert på amerikansk politikk og den konservative rørsla i landet , som mellom anna skriv for amerikanskpolitikk.no og er førsteamansuensis ved Høgskulen i Volda. Han har doktorgrad frå UiO med "Conservatives for Change: How Richard Viguerie and Paul Weyrich Helped Organize, Fund, and Empower the American Right Wing, 1964-1981” frå 2008, og har skreve fleire bøker om konservativ amerikansk politikk.

Kan Romney vinne valet i november?

– Romney kan vinne dersom valet i hovudsak kjem til å handle om i kva grad Obama har lukkast eller ikkje som president. Romney kan få gjennomslag for argumentet om at Obama ikkje har klart å redusere arbeidsløysa til det nivået presidenten tidleg lova. I tillegg kan Romney med styrke hevde at Obama i staden for å redusere statsgjelda og budsjettunderskota har auka begge deler, utan at økonomien har vorte vesentleg betre. Obama har difor vore ein mislukka president, ifølgje Romney. Eit viktig argument for Romney er å hevde at Obama ynskjer å føre USA i europeisk retning med kostbar velferdsauke og helsereform, og Romney kan vise til at fleire europeiske land slit økonomisk. Romney har styrkt stillinga si dei siste vekene, og det verkar som om dei konservative i stor grad støttar han no.

Tønnesen hevdar og at det republikanske partiet i stor grad er eit kvitt parti. Dette gjer at Obama er ekstra avhengig av støtte frå tradisjonelt vinglande grupper som unge og ulike minoritetsgrupper. Støtta frå kvite er avgjerande for å hindre Obama i å vinne avgjerande vippestatar, spesielt Florida.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?

Korleis kan Obama stoppe Romney?

– Obama kan slå Romney om hovedargumenta hans er dei som vil prege valkampen og debattane. Obama hevdar overtydande at politikken hans bidreg til eit meir rettvist samfunn der middelklassa ikkje veikjast ytterlegare i høve til dei rikaste, og at den vellykka innsatsen for å revitalisere bilindustrien syner at USA er på rett kurs trass lågare tempo enn ønskeleg. Obama vidarefører ein tverrpolitisk tradisjon med å satse på eit samarbeid mellom privat og offentleg sektor for å utvikle USA vidare. Obama ynskjer i sterkare grad enn Romney å bruke pengar på å oppgradere infrastrukturen i USA og å sikre studiestøtte til einskilde studentgrupper. Obama kjem òg til å klistre Romney til kongressrepresentant Paul Ryans særs høgreorienterte budsjettforslag, med kutt i Medicaid og endring av Medicare, som Obama allereie har omtalt som sosialdarwinistisk. Mange uavhengige veljarar er like kritiske til Ryans forslag som dei er til Obamas helsereform.

Tønnesen trur at Romney må vinne både Florida og Ohio for å sigra, medan Obama har fleire alternativ for å nå 270 valmenn.

Ron Paul har framleis ikkje trukke kandidaturet sitt. Trur du han kan spele noko som helst rolle framover mot valet, eventuelt som uavhengig kandidat, om ikkje anna?

– Ron Pauls kandidatur spelar lita rolle. Han kjem neppe til å stille som uavhengig kandidat, avsluttar Tønnesen.

Les òg: Trur på Romney